Gå til sidens hovedinnhold

Nei til 60-sone

Artikkelen er over 6 år gammel

Stripo eigedom vil leggja ut fire nye tomter for sal ved industriområdet på Husnes, men fartsgrensa skapar problem.

Stripo Eigedom AS har stor etterspurnad etter tomter på det nyutvikla industriområdet. I reguleringsplanen for området heiter det at krysset som er der i dag må oppgraderast før det kan etablerast nye tomter. Tomteeigarane har søkt og fått godkjend i forvaltningskomiteen at ein i staden for å gjera noko med krysset no, først får sett ned fartsgrensa til 60 kilometer i timen, og at krysset seinare blir utbetra. Forvaltningskomiteen var samla einig i dette.

Rådmannen skreiv då saka var oppe sist at det er ein uheldig og lite akseptabel konsekvens av den planlagde Kvinnheradpakken at næringsetableringar skal stoppa opp.

Kommunen har sendt brev til Statens vegvesen med spørsmål om det kan bli gitt dispensasjon frå rekkjefølgjekravet, slik at ein får gjennomført nyetableringane.

I brev frå Statens vegvesen heiter det at kommunen ikkje kan fastsejta fartsgrenser. Det er det Regionvegkontoret som gjer. Det vert og vist til at kommunen tidlegare har uttrykt at dagens kryss ikkje er tilfredsstillande utforma, og at kommunen snarast ville utbetra krysset.

— Ein dispensasjon no utan utbetring av krysset, kan og få innverknad på prioriteringane i Kvinnheradpakken, skriv Statens vegvesen.

Dei er klare på at ei mellombels nedsetjing frå 80 til 60 kan vera eit avbøtande tiltak. Derimot peiker dei igjen på at det vil vera av stor samfunnsmessig betydning å utbetra krysset, slik at fleire tilrettelagde tomter kan tilbydast nyetableringar i feltet. Dei ber difor Forvaltningskomiteen om å gjera om sitt vedtak.

Kommentarer til denne saken