– Eldre menn sit og ser på videoar av 12 år gamle jenter. De foreldre må vera til stades

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eldre menn sit og ser på videoar av 12 år gamle jenter. De foreldre må vera til stades, sa Barnevakten til foreldra ved Undarheim skule.

DEL

Torsdag kveld inviterte Undarheim skule og FAU, femte til sjuandeklassingar og foreldra deira til eit føredrag med Barnevakten.
– Foreldra må vera på, og oppdatert på kva som skjer på nettet, seier føredragshaldar Alexis Lundh.
Lundh er tilsett i den nasjonale foreldreeigde organisasjonen, Barnevakten. Kvart år drar dei rundt på skular og snakkar med born og unge, eller held føredrag for foreldra og dei tilsette på skulen. Organisasjonen jobbar for å hindra digital mobbing og anna ubehag unge opplever i sosiale medium.
– Vi snakkar med fleire tusen born og vi veit kva som føregår på nettet, seier Lundh.

Snudde seg vekk

"Kan du ikkje berre døy?", "Du er kåra til skulens styggaste", "Du veit det er ingen som liker deg?". Lundh hadde med ein video av unge som las opp stygge kommentarar andre har skrive til dei på nettet, og alt var reelle utsegn.
– De born veit kva som er greitt og ikkje, det har dykk lært på skulen. Men de må hugsa på å ta med den kunnskapen over på sosiale medium, sa føredragshaldaren til borna i salen.
Lundh gjorde foreldra obs på kva dei forskjellige emojiane betyr, aldersgrenser på spel, og kva dei spela inneheld. Då han viste ein videosnutt av det populære spelet Grand Theft Auto (GTA), var det fleire foreldre som snudde hovudet den andre vegen, grunna det groteske innhaldet.
– Vaksne må bli betre på nettvett sjølv. Slik som med GTA, der må foreldra tenkja seg om før dei gir det til borna, sa forelder Rikard Hjelmeland, etter føredraget.
Han og nestleiar i FAU, Morten Vaterdal, synest det dei unge skriv til kvarandre i dag er langt over streken, men trur ikkje det er mogleg å hindra det.
– Men foreldra kan bli betre på nettvett sjølve. Er det ein diskusjon på nett om Indre og Ytre Luten, rasar det inn med uthenging av personar i fullt namn. Dette får borna med seg, seier Vaterdal.

Ekstra arbeid for skulen

Trass i det skremmande innhaldet i føredraget, var verken Vaterdal eller Hjelmeland overraska.
– Ungen min er litt yngre enn denne målgruppa, men eg veit kva det kjem til å bli, seier Hjelmeland.
– Det er like trist kvar gong du høyrer at det er meir enn éi sak. Alle skular har dette problemet, seier FAU-leiaren.
Det var ein av grunnane til at FAU tok initiativ til eit føredrag med Barnevakten. Då skulen har eit stort ansvar når det kjem til mobbing blant elevane, fortel Vaterland at undervisinga glir vekk då læraren heller må bruke timen på å opptre som meklar mellom klassekameratane.
– I starten på skuleåret hadde vi nokre episodar med ufine kommentarar og utestenging på Snapchat. Det blir fort mykje ekstra arbeid for skulen, seier Vaterdal.
Men det er ikkje berre Snapchat ein må sjå opp for. Føredragshaldaren tok opp korleis eldre menn sit å ser på videoar av 12 år gamle jenter, som dei sjølv legg ut på applikasjonen Musically. Eller korleis det vert oppretta hategrupper på Instagram, der dei unge hengjer ut medelevar med fullt namn og bilde. Blant anna har snikbilde frå trening og dusj vore ei tidlegare sak.
– Det er ein veldig kort veg til elendigheit. Vegen å gå er bevisstgjering blant dei unge, men like fullt dei vaksne, seier Vaterdal.

Artikkeltags