Har med stor interesse følgt med i debatten om Husnesparken. Fleire tar til orde for at parken ikkje er tiltalande nok. Personleg manglar eg dessverre evna til å la meg begeistra av blomster og prydbuskar. Vakkert for meg er når det myldrar av liv og aktivitet. Etter mi meining er det populære badeområdet med badetrampolinen det beste som har skjedd Husnesparken. Den åleine har gjort parken betydeleg meir levande og livleg.

Kvifor ikkje meir av det same? Skatebane, pumptrack (liten sykkelbane, red.merk), basket? Sandvolley, Tuftepark, leikeplass, fotballbinge med meir?

Få meir aktivitet og liv inn i sentrum. Folk likar å sjå på og bli sett.

På Leirvik har dei for eksempel Petanquebane, skatebane og Parkourpark midt i eit handle- og kulturområde. Der yrer det alltid av liv og aktivitet. På Husnes er all slik aktivitet plassert utanfor sentrumskjernen. Det slår meg ofte kor dødt alt er. Mi oppfordring er å fylla Husnes med bevegelsesaktivitetar. Ta også deler av sentrumsområdet i bruk. Folk i leik og aktivitet der folk ferdast vil skapa liv og trivsel for alle.

Svein Mo