176 overliggedøgn i fjor

Ein av sengepostane på samhandlingsavdelinga ved Husnestunet. (Arkivfoto).

Ein av sengepostane på samhandlingsavdelinga ved Husnestunet. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Omfanget av utskrivingsklare pasientar som blir liggande på sjukehus medan dei ventar på kommunalt tilbod – det som blir kalla overliggedøgn – varierer mykje gjennom året.

Det går fram av kommunen si årsmelding for i fjor:

«I 2018 hadde vi betalingsplikt for totalt 176 døgn, fordelt på 56 pasientar. Desse pasientane venta frå 1–12 døgn på korttidsopphald i kommunen. Dette er ei belasting både for utskrivingsklare pasientar og for tilsette i kommunen som må stå i presset frå sjukehuset. Kommunen har kjøpt 42 døgn med rehabiliteringsplassar i Odda når vi ikkje har kunna løysa det sjølve», heiter det i årsmeldinga.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags