Hydro Husnes donerer 400.000 kroner til lokale idretts- og aktivitetsformål

Fabrikksjef Johan Berg. (Arkivfoto).

Fabrikksjef Johan Berg. (Arkivfoto).

Midlane skal komma frivillige organisasjonar som har erfart inntektssvikt, aktivitetssvikt og arrangementsvikt som følge av Covid-19-pandemien, til gode. – Vi ønskjer med dette å bidra til å få hjula i gang igjen i lokalsamfunnet, seier fabrikksjef Johan Berg i ei pressemelding.

DEL

– Det har vore ein storstila dugnad for å hindra spreiinga av Covid-19. No som samfunnet sakte blir normalisert, startar dugnaden for å få hjula i gang igjen. Denne donasjonen er eit bidrag til nettopp dette, seier Berg.

Donasjonen er øyremerka veldedige formål og skal gå direkte til dei som treng hjelp innanfor idrett og fritidsaktivitetar for barn og ungdom i lokalsamfunnet.

– Målet er at donasjonen skal fordelast på fleire frivillige organisasjonar, og at midlane raskt kjem i sirkulasjon, seier tillitsvald ved Hydro Husnes, Ørjan Normann.

– Vi ønskjer at donasjonen skal fremja aktivitet blant barn og unge i Kvinnherad Kommune, og bidra til fortsatt høgt aktivitetsnivå. Vi har derfor identifisert lokale idrettslag, turlag og andre som har opplevd betydeleg inntektsfall i løpet av våren, forklarer Berg.

Artikkeltags