Hydro Husnes leverte overskot i første kvartal, men korona gjer situasjonen usikker

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Hydro Husnes presenterte onsdag eit overskot i første kvartal før renter og skatt på 67 millionar kroner.

DEL

Det kjem fram i ei pressemelding.

Fabrikksjef Johan Berg seier at lågare råvarekostnadar og svak kronekurs bidrar til å halda resultatet positivt i første kvartal.

– Resultatet i første kvartal reflekterer i hovudsak tida før effekten av COVID-19-pandemien blei merkbar. Vi leverer godt på det vi sjølv kan påverka, men forventar krevjande marknads- og resultatutvikling framover, seier Berg.

Han ser tilbake på eit kvartal med godt tryggleiksarbeid uten alvorlege hendingar.

– Arbeidskvardagen har vore i stadig endring etter at pandemien traff oss, men tryggleik forblir øvste prioritet, seier Berg.

Pandemien

COVID-19-situasjonen er utfordrande for den globale økonomien og held fram med å bidra til betydeleg usikkerheit for Hydro si verksemd. Dei norske aluminiumverka opplever betydeleg fall i etterspurnaden, særleg frå viktige kundar som den europeiske bilindustrien. Hovudfokuset i denne perioden er å sikra eit trygt arbeidsmiljø, støtta lokalsamfunn, oppretthalda verksemd og sikra likviditet. I tillegg til eit breitt spekter av smitteverntiltak, er det også iverksett ei rekkje tiltak for å møta den krevande marknadssituasjonen.

– Organisasjonen har på ein god måte tilpassa seg dei anbefalte smittevernstiltaka i samfunnet, og vi klarer å operera sikkert og stabilt innanfor dei rammene. Vi må sjølvsagt tilpassa våre kostnadar så langt det er mogleg for å møta denne nye vanskelege situasjonen, seier Berg.

Utsett oppstart av B-hallen

Hydro har beslutta å utsetja den planlagde oppstarten av den oppgraderte B-hallen, frå andre til tidlegast slutten av tredje kvartal 2020, som ein konsekvens av den raskt forverra marknadssituasjonen forårsaka av COVID-19-pandemien. Det er derimot ikkje forventa midlertidige permitteringar i denne perioden.

– Vi ferdigstiller B-hallen som planlagt, og mange av våre medarbeidarar deltar i dette viktige arbeidet. Dei gjer ein kjempejobb, avsluttar Berg.

Husnes produserer no rundt 95.000 tonn i året etter at éin av dei to produksjonslinjene (B-hallen) blei stengt under finanskrisa i 2009. Som ein del av oppgraderinga av B-hallen er nye teknologielement frå Hydro sin teknologipilot på Karmøy implementert for meir effektiv og klimavennleg produksjon. Dette vil bringa den totale produksjonen til rundt 190.000 tonn årleg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags