Hydro Husnes hadde 32 millionar i driftsoverskot første kvartal

Hydro Husnes. (Arkivfoto).

Hydro Husnes. (Arkivfoto).

Hydro Husnes presenterte onsdag eit overskot i første kvartal før renter og skatt på 32 millionar kroner.

DEL

Det melder bedrifta i ei pressemelding onsdag.
Fabrikksjef Johan Berg seier det økonomiske resultatet er prega av fortsatt høge råvareprisar, låg pris på aluminium og lågare etterspurnad etter produktet pressbolt, men at drifta på Husnes er stabil og god.

– Drifta har i første kvartal vore god trass i varierande råvarekvalitetar. Det at vi har god kontroll på våre eigne prosessar har medført at vi har klart å nytta alternative råvarekjelder utan dei store konsekvensane. Nokre utfordringar har det vore, men vi har ein dyktig og erfaren organisasjon som taklar slik, seier Berg.

Oppgradering etter planen

Det er stor aktivitet innanfor portane til Hydro Husnes om dagen, og prosjektet med å starta den andre elektrolysehallen i første halvår 2020 går etter planen. Om lag 150 eksterne kontraktørar arbeider no på anlegget, blant anna med rehabilitering av B-hallen, oppgradering av reinseanlegg og bygging av ny kompressorstasjon.

– Det er gøy å følgja med på framdrifta i B-hallen, og det blir jobba sikkert og godt. Like moro er det å kunna ta imot dei første nytilsette som starta no i mai og i juni, og som no går gjennom eit opplæringsprogram på fabrikken, seier Berg.

– Problematisk av Statnett

Fabrikksjefen er bekymra for at auka nettleigekostnad frå Statnett svekkar lønsemda til Hydro Husnes og gjer nye investeringar krevjande. Viss Statnett sin ambisjon for tariffering av industrien blir vedteke, vil hjørnesteinsbedrifta på Husnes få ei ekstrarekning på fleire titals millionar kroner kvart år framover.

– Slike uforutsette ekstrakostnader er krevjande når vi er i ein tøff, internasjonal konkurranse og treng føreseielege i rammebetingelsar. Det skaper uvisse om kva framtidige kostnader vi skal basere investeringsbeslutningane våre på, seier Berg.

Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags