Njål Nerhus er den siste tilsette ved Hydro Husnes, medan Asle Sund er den med lengst fartstid ved verksemda. (Foto: Mona Grønningen).

Njål Nerhus er den siste tilsette ved Hydro Husnes, medan Asle Sund er den med lengst fartstid ved verksemda. (Foto: Mona Grønningen).

Asle (67) har jobba ved Hydro Husnes i 50 år, medan Njål (21) er den ferskaste tilsette

Gladmeldinga om at B-hallen skal opnast igjen blei kanskje den største dagen i arbeidslivet til Asle Sund (67). Han er den som har arbeidd l og Njål Nerhus (21). Asle er den som har arbeidd lengst på Hydro Husnes av noverande arbeidsstokk - til sommaren har han jobba der i 50 år. Njål er den som sist blei tilsett ved verksemda. Han gjekk inn i fast jobb 1. januar i år.
Publisert
DEL
Gladmeldinga om at B-hallen skal opnast igjen blei kanskje den største dagen i arbeidslivet til Asle Sund (67). Han er den som har arbeidd l og Njål Nerhus (21). Asle er den som har arbeidd lengst på Hydro Husnes av noverande arbeidsstokk - til sommaren har han jobba der i 50 år. Njål er den som sist blei tilsett ved verksemda. Han gjekk inn i fast jobb 1. januar i år.

Vi møter dei to i portvakta ved Hydro Husnes, der Asle i dag har arbeidsplassen sin. Han gjekk inn dørene på det som då var Søral den 28. juni i 1968, og sidan har han blitt der. Til sommaren rundar han 50 år i teneste for verksemda, og planen er å gje seg to dagar etter 50 års-jubileet.

Ved sida av han sit Njål Nerhus (21) frå Omvikdalen. Han er ikkje heilt fersk på Hydro, for han har teke læretida si der som anleggsmaskin-mekanikar. Han kom inn i 2015, tok fagbrev, og fekk etter det eit halvt års kontrakt. Før jul fekk han beskjed om at det frå første januar venta fast jobb, og han er dermed den som sist blei fast tilsett ved verksemda.

– Det er eg utruleg glad for. Det var dette eg ville, og eg tenker eg har vore heldig, seier Njål.

Arbeidsdagen hans går i å reparera øydelagde køyretøy og ikkje minst driva vedlikehald. Han har 11 kollegaer på si avdeling, og han fortel at det kjekkaste i arbeidsdagen er å få reparera køyretøy som har fått «totalhavari».

Nerhus kikkar forsiktig på Asle som sit ved sida av han ved bordet. Dei har ikkje helst på kvarandre før, men Asle kjenner igjen ansiktet til Njål. Det gjer han med dei fleste ved verksemda. Særleg før i tida, då alle dei tilsette måtte gjennom porten for å koma seg inn på jobb, visste Sund kven alle som arbeidde ved verket var.

Asle flytta til Husnes som 15-åring saman med familien, då faren hadde fått jobb ved Søral. Dei kom som veldig mange andre flyttande frå Nord-Norge - «Asle & Co» kom frå Mosjøen. Planen til Asle var ikkje å begynna ved Søral, han hadde nemleg tenkt å bli sjømann. Men slik gjekk det ikkje, og som 18-åring gjekk han inn portane for første gong. Sidan har det blitt inn og ut der i 50 år. Arbeidsstaden i starten var ved mekanisk verkstad. Her handla det om reparasjonar, fiksing og vedlikehald.

Skal vi tru den komande 50-årsjubilanten var det eit komplekst arbeid, med både reperasjonar og vedlikehald av alt frå anodelåsar og støypebord til sylindrar. Dei var 45 mann på avdelinga, og dei jobba både inne og ute. Og det var varmt. Dei måtte krypa under tak og maskinar, og sitja og fiksa ting over omnar i ein varme som knapt kan beskrivast, med minimalt med verneutstyr på seg.

Slik er det ikkje no lenger. No er alt både reinare, meir kontrollert og systematisert.

– Fysisk var det veldig mykje hardare før. Vi hadde for eksempel ikkje truckar eller køyretøy, og måtte slepa rundt på sveiseapparat, og skubba ting med oss. Verktøy måtte heisast med handmakt. Det var generelt knallhardt, forklarar veteranen.

Innføringa av data har òg gjort ting langt lettare enn før, då alt gjekk føre seg med penn og papir.

Borte i to periodar

Asle Sund har altså vore tilsett ved Søral dei siste 49,5 åra, men i to periodar har han vore vekke i litt lengre periodar. Den eine var i 1985, då han var uheldig og skada seg på jobb. Då var Asle vekke frå jobb i heile 14 månader, og armen blei aldri den same etter ulukka.

– Eg var uheldig og øydela handleddet, etter å ha fått eit firkantjern over meg. Eg skulle ta ned eit stort jern av ein reol, og så raste alt ned og eg fekk eit stort jern over handa. Etter dette var det fram og tilbake til fleire sjukehus, og mange operasjonar. Heilt bra har ikkje armen blitt, og framleis slit Sund med gripeevna i høgrehanda.

Ein periode hadde Sund òg permisjon frå jobben, då han var i FN-teneste i Libanon. Totalt varte den i 18 månader.

– Det var ei spesiell og tøff oppleving, men at eg hadde eit slikt avbrekk gjorde nok til at eg aldri har stressa med å sjå meg om etter anna arbeid. Eg tenkte ei tid på Nordsjøen, men det vart med tanken.

Etter ulukka på verkstaden arbeidde han som koordinator på prosjekt, mellom anna med a og b-hallen. Sidan 1998 har han hatt arbeid i portvakta. Den jobben handlar ikkje berre om å opna og lukka porten. Her har nemleg Asle kontroll på alle alarmane som går ved verksemda, og ringer du Hydro sitt sentralbord så er det som regel den hyggelege 67-åringen som tek telefonen. Han passar òg på at dei som har adgangskort til bruket, og som ikkje er tilsette ved Hydro, kan koma ut og inn. Noko av det mest spesielle med jobben har faktisk vore å måtta kontrollera nokre av dei som ikkje har meldt sin ankomst, men som skal inn på området. Då har Sund vore nøydd til å driva med vistittering, akkurat som dei gjer på ein flyplass. Ikkje det kjekkaste i jobben, minnast Sund.

God arbeidsplass

Unge Njål Nerhus har ikkje så lange fartstida ved Hydro Husnes, men éin ting er han klar på: Det er ein knakande god arbeidsplass.

– Eg hadde som mål å få jobb her, og det har eg fått, så no etablerer eg meg nok her i kommunen. Eg bur framleis heime hos mor, men er på jakt etter ein stad å bu, aller helst i området mellom Omvikdalen og Rosendal.

Om den store dagen rett før jul er Njål klar på at det var eit høgdepunkt så langt i arbeidskarrieren:

– Eg venta eigentleg på det, men det var uansett ein heilt spesiell dag då vi fekk beskjeden om b-hallen, med utruleg glade folk på jobb! seier Nerhus.

Asle på si side tykte det såg litt mørkt ut i haust. Då var han pessimist, og trudde ikkje heilt på oppstarten. Men så kom meldinga – hurra!

– Heilt fantastisk, eg trur kanskje det er den beste dagen eg har hatt på jobb i desse 50-åra. Du verda så viktig, for både verksemda og heile kommunen.

For Asle er det òg rart å tenka på korleis tidene har endra seg ved verksemda. Frå røykfylte, varme og til dels skitne hallar, til dagens straumlinjeforma og lite forureinande drift. Arbeidstida var også heilt annleis. Før hadde dei nattskift sju netter på rad, mange helgevakter og heimevakter. Det var eit langt større slit enn i dag.

Episodane og minna frå før i tida er mange. Pussig nok har han aldri vore ein del av det som før var «bridge-eldoradoet» på Søral, som så mange andre arbeidarar var. Men noko han hugsar er båtane som kom, og som gjerne hadde med seg varer dei selde til lokalbefolkninga.

– Eg kan vel seia at eg og ein arbeidskamerat ein gong møtte nokre sjøfolk bak Risnesløa og fekk kjøpt eit par kassar cognac, seier Sund og ler.

Men den tida er over. No er det strengt, og den slags ville det blitt slått veldig hardt ned på.

Unge Njål lyttar interessert til senioren, og han innrømmer at han har høyrt mange historier han òg.

– Det har nok vore mykje galskap her før i tida, men det er nok ei tid som er forbi, slår ungdommen fast.

Litt einsamt

I portvakta finn vi i dag berre Asle Sund. Etter kvart som tida har gått har kollegaene her forsvunne, og no er det berre Asle igjen. Er det stusseleg, spør vi.

– Tida går fort, og eg er jo i kontakt med mange i løpet av dagen. Sjølv om eg er åleine her, er det mange som svingar innom. Samtidig var det meir tid til å slå av ein prat før. Det er travlare i dag enn tidlegare.

Lunsjen et han òg åleine, det blir ikkje høve til å springa i kantina. Asle kikkar ned på magen, og konstaterer at det helst er bra.

– Eg må byrja å trimma no, skjortene passar ikkje lenger, og dermed er det blitt knekkebrød til lunsj i oppstarten av året, ler han.

Akkurat det tenkjer ikkje ungdommen på. Han har niste med seg innimellom, men det blir ofte ein tur i kantina eller bort på senteret for å få seg noko ekstra godt til lunsj.

Etter ein time på bakrommet i portvakta byrjar avløysaren til Asle å bli utolmodig, og trippar fram og tilbake i gangen. 67-åringen må koma seg attende på post.

– Eg vart kalla inn til møte, som alle andre som fyller 62 år, med spørsmål om kor lenge eg ville jobba. Då såg eg ikkje for meg at eg ville slutta, men eg merkar no at eg er byrja å bli eldre. Eg er trøytt og sovnar gjerne på sofaen etter middag. Men kva eg skal gjera når eg blir pensjonist, veit eg ikkje heilt.

Sund saknar mange av sine tidlegare kolleager. Dei er det blitt mange av opp gjennom åra, og han føler at det nærmar seg tid for å bli pensjonist.

– Turar i fjellet blir det heilt sikkert, det vil eg verkeleg, seier Sund.

I tillegg har han 11 barnebarn han gler seg til å få meir tid med.

– Du må forresten få med at Søral har vore ein velsigna arbeidsplass, det må eg seia, sluttar Sund.


Artikkeltags