Hydro Husnes: 25 millionar kroner i driftsoverskot i andre kvartal

Hydro Husnes gjekk med overskot også andre kvartal. (Arkivfoto).

Hydro Husnes gjekk med overskot også andre kvartal. (Arkivfoto).

Hydro Husnes presenterte tysdag eit overskot på 25 millioner kroner i andre kvartal, før renter og skatt.

DEL

Fabrikksjef Johan Berg seier at det økonomiske resultatet er, som i første kvartal, prega av låge metallprisar og mindre etterspurnad etter produktet pressbolt. Men stabil og god drift, samt lågare råvarekostnader, er positivt.

– Det er krevjande marknadsforhold for tida, men det positive er at råvarekostnadane ser ut til å komma ned på eit betre nivå, seier Berg.

Hydro Husnes leverte dermed eit driftsresultat første halvår 2019 på 57 millionar kroner, mot43 millioner kroner på same tid i 2018.

Høgt aktivitetsnivå og stabil drift

Husnes har hatt god drift i første halvår 2019. Prosjektet med å starta den andreelektrolysehallen (B-hallen) i første halvår 2020 går etter planen.

Mange nytilsette begynte på Hydro Husnes i vår, og det blir planlagt ny rekrutteringsprosess i august og september.

– Eg er meget tilfreds med korleis organisasjonen handterer situasjonen med å oppretthalda sikker og stabil drift samtidig som vi har høg aktivitet i B-hall-prosjektet og mange nytilsette under opplæring. Det blir jobba godt med tryggleiken og sjukefråveret er på det lågaste vi har sett dei siste 10-15 åra, seier Berg.

Foto:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags