– Har veldig tru på framtida

Helge Vassvik ved Gry Helge's Camping ser berre oppsider med Hydro si utbygging.

DEL


Ekteparet Helge Vassvik og Gry Hege Vassvik har til no ikkje fått oppleva Hydro for full musikk etter at dei tok over campingplassen. No ser dei fram mot enno travlare tider.

– Vi har eigentleg aldri opplevd dei gode tidene til Hydro eller det som var Søral. Likevel har vi klart oss veldig godt i dei dårlege tidene til Hydro. For både mat og overnattingsdelen vil nok det som skjer vera veldig positivt.

Ved campingplassen har dei i dag i overkant av fem årsverk, 10 hytter med 33 sengeplassar, og restaurant.

– Inntektene kjem nok sånn 50/50 frå kvar av delane. I vekene er det veldig mange firma som brukar oss på overnatting, medan det er meir privatfolk i helgane, forklarer Helge.


Opptur

Han har vore i kontakt med fleire firma som har behov for husvære framover, og reknar med det vil bli rimeleg fullt på overnattingssida fram mot oppstarten av b-hallen. Han ser òg at fleira av firmaa som kjem er på jakt etter å leiga hus, og Vassvik reknar med at mange med tomme hus får leigd desse ut.

Ved campingen har dei ikkje planar om å utvida kapasiteten.

– Vi var på nippen til å laga eit bygg med 25 rom for fire-fem år sidan, men gjorde det ikkje. Akkurat dét angrar eg veldig på no, det trur eg ville vore smart.

Vassvik fortel at Hydro er tema heile tida blant gjestene som er innom.

– Folk snakkar veldig mykje om dette, og stiller spørsmål, og det som oftast er sprøsmålet er når ein verkeleg skal i gang.


Merkbart for Rosendal

Arne Havnerås ved Rosendal Fjordhotel er av dei som alt har merka at det skjer noko ved Hydro på Husnes

– Vi har i grunnen i eit halvt års-tid merka at det vil bli auka aktivitet ved Hydro Husnes, seier Arne Havnerås.

Han fortel at dei ved hotellet lenge har hatt kontakt med Hydro, og at dei nok er av dei første som har fått ringverknader av utbygginga.

– I fasen framover vil vi verkeleg sjå at det skjer noko, og så vil det nok normalisera seg igjen for oss når utbygginga er ferdig, seier Havnerås.

Han kan ikkje seia noko nøyaktig om kor mange rom som dagleg er i bruk av folk knytt til Hydro.

– Det er vanskeleg å seia, men vi trur det vil bli fleire og fleire i tida som kjem.

Hotelldirektøren kan fortelja om relativt gode tider, der ein særleg merkar at det skjer noko i næringslivet for dei knytt til laks, fiske og kraft, medan det er meir stabilt innafor andre område innan næringslivet.

– Det er veldig positivt det som skjer i andre delar av kommunen. Vi ser at det som er bra for Husnes òg er bra for Rosendal, og det som er bra for Rosendal er bra for Husnes. Vi skapar ikkje noko nytt om vi skuggar mot kvarandre, seier Havnerås.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags