Hydro treng nye arbeistakarar – slik vil KVV hjelpa

LÆRLING: Johanne Hindenes Nilsen (21) har gått teknikk og industriell produksjon, og laboratoriefag på Knarvik vgs, før ho har no blitt lærling hos Hydro Husnes.

LÆRLING: Johanne Hindenes Nilsen (21) har gått teknikk og industriell produksjon, og laboratoriefag på Knarvik vgs, før ho har no blitt lærling hos Hydro Husnes. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Etter ønskje frå næringslivet i kommunen med Hydro i spissen, kan det koma eit nytt yrkesfag på KVV.

DEL

– Kommunen har blitt gjort merksame på at Hydro Husnes, blant andre næringsdrivande, har behov for rekruttering av arbeidarar med den rette fagkompetansen, på kort og lang sikt, seier ordførar Peder Sjo Slettebø.

Etter eit ønskje frå næringslivet i Kvinnherad, skal kommunen og KVV no samarbeida om å få i gang eit kjemiprosessfag på den vidaregåande skulen. Dette yrkesfaget er særs relevant for Hydro, og då B-hallen skal opnast igjen vil dei trenga fleire med denne kompetansen.

– Det er eitt av dei viktigaste og mest sentrale faga vi rekrutterer lærlingar frå, difor er denne utdanninga viktig, seier Ingrid Guddal, (HR Business Partner) ved Hydro Husnes.

I dag er ungdom i Kvinnherad nøydde å reisa til anten Odda, Knarvik eller Laksevåg for å utdanna seg innan kjemiprosess.

– Vi har positiv erfaring med lærlingar frå kjemiprosesslinene i Odda, Knarvik og Laksevåg. Vi ønskjer samtidig at ungdommen i Kvinnherad har eit lokalt tilbod, seier Guddal.

Det meiner også ordføraren, og vil legga til rette for dette då han fortel at Hydro har peikt på at det er ei utfordring for dei å få nok arbeidstakarar med den rette kompetansen.

– Då det er slik at Hydro har behov for denne type rekruttering, er det kommunen sitt syn at det beste er å leggja til rette for dette faget på Husnes. Det vil vera ei naturleg lokalisering, seier Slettebø.

Han fortel vidare at dei også ønskjer å styrka KVV som arbeidsplass, og i tillegg gjera det mogleg for folk som ønskjer jobb på Hydro å bu heime.

– Dette er den best moglege måten å rekruttera medarbeidarar på, og det vil gi eit betre utdanningstilbod for Kvinnherad samla sett, seier han.

Set pris på initiativet

Også rektor ved KVV, Audun Bjelland, ser lyst på initiativet til eit nytt kjemiprosessfag.

– Det er eit initiativ som har komme frå næringslivet og ordføraren, og det set vi pris på.

Han seier at for KVV sin del er det snakk om å ha tilbod som er relevante for næringslivet, og som gir trygge arbeidsplassar for elevane deira då dei er ferdig med utdanninga.

– Dette er eit veldig positivt engasjement. Det er også positivt for oss som skule, då dette vil gjera utdanning innanfor dei mekaniske faga meir attraktive, seier Bjelland.

avgrensa verkstadkapasitet

Slik det står til på skulen i dag er det gode forhold for eit slikt fag, men ein avgrensa tilgang på verkstadkapasitet. Men dette meiner rektoren ikkje vil vera noko stor utfordring.

– Med eit fag som dette er det tenkt at elevane har ein god del av praksisen ute i bedriftene, så vil vi legga den teoretiske biten til skulen. Her har vi labar og andre ting som er tilpassa faga. Vi har absolutt plass til å ivareta eit slikt tilbod, seier Bjelland.

For skulen vil dette tyda ei meir komplett bredde, tilbod til fleire elevar, og færre elevar som treng å reisa ut av kommunen for å fullføra utdanninga.

– Vi er kjempeglade for at Hydro er i ein fase der dei har behov for meir arbeidskraft, og at vi får lov å vera med å delta og sikra at dei får ein god kompetanse for framtida bedrifter, seier Bjelland.

Denne førespurnaden må vidare til fylket før ei endeleg avgjerd blir tatt. Om fylkeskommunen er positiv til eit nytt fag ved KVV, vil første moglege start vera skuleåret 2019/2020.

– Vi håpar fylkeskommunen ser dette som interessant å gjera. Målsettinga for dette vedtaket er at folk i Kvinnherad skal få tilgang til mest mogleg utan å måtte reisa ut av kommunen, avsluttar ordføraren. 

Artikkeltags