Ingrid Guddal blir fabrikksjef ved Hydro Karmøy

Ingrid Heradstveit Guddal blir ny fabrikksjef ved Hydro Karmøy.

Ingrid Heradstveit Guddal blir ny fabrikksjef ved Hydro Karmøy. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Hydro har tilsett Ingrid Heradstveit Guddal frå Seimsfoss som ny fabrikksjef ved Karmøy Metallverk. Ho startar i jobben 13. august.

DEL

Det melder Hydro i ei pressemelding. Ingrid er per i dag HR-sjef ved Hydro Husnes, og har brei leiarerfaring:

- Heradstveit Guddal har vore rådmann i Odda Kommune og kundeansvarleg for næringsklynger i Innovasjon Norge. Ho har tidlegare vore fabrikksjef ved Hydro sin omsmeltar i Azuqueca i Spania og støyperisjef ved Søral (i dag Hydro Husnes). Ho er utdanna sivilingeniør i prosessteknikk frå Technische Universität Berlin, Tyskland, og har ein Executive MBA i strategisk leiing fra Norges Handelshøyskole, skriv Hydro i pressemeldinga.

Heradstveit Guddal overtar etter Tom Petter Johansen, som etter eige ønske sluttar i Hydro.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken