HKF-leiar om ACER-debatt: – Vi gir frå oss Norge sitt arvesølv

APPELL: 15. februar er det markering i heile landet mot at Noreg skal inn i ACER. I Odda skal Ørjan Normann halda appell.

APPELL: 15. februar er det markering i heile landet mot at Noreg skal inn i ACER. I Odda skal Ørjan Normann halda appell.

– Om staten sluttar seg til det nye energibyrådirektivet ACER, kan dette ha store konsekvensar for Hydro Husnes, meiner leiar i HKF.

DEL

– Det blir hakke gale om det blir slik at vi som nasjon gir frå oss myndigheita over energi-politikken vår, seier leiar i Husnes Kjemiske Fagforeining, Ørjan Normann.

I mars skal Stortinget avgjera om Noreg skal knyta seg tettare til EU når det gjeld utbygging av kraftnettet. Dette arbeidet blir koordinert av energibyrået ACER. Målet til EU er å løysa klimautfordringane i Europa, ved å legga til rette for at meir fornybar energi kan byggast ut. Men fagforeiningar over heile landet protesterer mot forslaget, då dei er redd Noreg gir frå seg heile energi-politikken sin til EU, ved å gå inn for vedtaket om ACER. Dei meiner at det kan føra til større utbygging i kraftkablar, som igjen vil føra til høgare straumprisar, som der igjen kan gi enorme kostnadar for kraftindustrien i Noreg, til dømes Hydro Husnes. Om kostnadane blir høgare, meiner fleire fagforeiningar at arbeidsplassane i kraftindustrien kan stå i fare.

– I dag har Noreg lågare straumpris enn resten av Europa. Om kraftprisen går fem øre opp, utgjer det 1,3 milliardar kroner for vår type industri i året. For aluminiumsindustrien er kraft den dyraste innsatsfaktoren vi har, seier Normann.

Normann er redd for at Noreg som stat vil gi frå seg råderetten over eigen kraftpolitikk, om regjeringa går inn for å vera fulle deltakarar av denne marknaden i EU. I dag er vi berre deldeltakarar.

– Om vi sluttar oss til dette vedtaket gir vi frå oss arvesølvet vårt. Den vasskrafta som på godt norsk, Noreg er bygd opp av.

Då energiunionen stadig er i utviking, er leiaren i HKF redd for korleis energiutviklinga i Noreg vil sjå ut om to eller tre år.

– Om dette vedtaket går gjennom, veit vi ikkje kva vi går til. Då vil vi vera ein del av noko vi ikkje har stemmerett over, sidan vi ikkje er medlem av EU. EU sitt mål er like straumprisar i Europa, det tyder høgare straumprisar i Noreg, seier Normann.

– Eg er redd dette kan vera ei overdraging av våre naturressursar som kan smella i trynet på oss om nokre år, legg Normann til.

Les også: Lufta utfordringar med stortingspolitikaren frå Stord

Ordføraren vil ikkje ta ei side

Ordførar Slettebø er ikkje like vågal i uttalen som Normann, og meiner at det er fleire sider av saka.

– Eg konstaterer at det er ulike meiningar rundt dette her. Fagforeininga er i mot, men eg har registrert at Norsk Industri, som representerer Hydro Husnes, er positive og ønskjer å slutta seg til. På grunn av desse forskjellige meiningane, er det ikkje lett for meg å seia ja eller nei, seier Slettebø.

Ordføraren ser ikkje like mørkt på vedtaket som Normann.

– Vi hadde aldri hatt så mange industriarbeidsplassar om vi ikkje samarbeida med EU. Men sjølvsagt går det ei grense når det gjeld å sikra kontroll over nasjonale ressursar.

Og med det er han klar på at Noreg ikkje må gi frå seg råderetten til vasskrafta.

­– Regjeringa er nøydd å avklara om dette vedtaket vil føra til å gi frå seg råderetten. Ein tilslutning til ACER medfører ikkje å gi frå seg råderetten i seg sjølv. Kor mange kablar som skal byggast er ei slutning staten Noreg sit med, seier ordføraren.

Betre for Noreg å vera på innsida

Informasjonssjef i Norsk Hydro, Øyvind Breivik, understreker poenget til ordføraren, når det gjeld Noreg sin rett til å ta slutningar av nye utanlandskablar.

– Uansett om Noreg blir ein del av ACER vil norske myndigheiter framleis ha ein rett til å bestemma sjølv over blant anna bygging av kraftkablar til utlandet, skriv Breivik i ein e-post.

Han seier at då Noreg er ein del av ein felles nordisk kraftmarknad, kor dei andre landa i marknaden er EU-land som er underlagt ACER, vil det vera betre for Noreg å påverka frå innsida for å sikra NVE best mogleg grunnlag for gjennomslag av norske synspunkt i kraftsamarbeidet med Europa. Men Breivik understreker også poenget til Normann om at kraftprisane kan få stor betydning for lønsemda til verka deira.

– Kraft utgjer 1/3 av kostnaden ved å produsera aluminium. Difor er vi heilt einige med våre tillitsvalte i at det er viktig å leggja til rette for ein kraft- og industripolitikk som mogleggjer framleis satsing på den grønaste aluminiumsproduksjonen i verden, nemleg Noreg, skriv Breivik.

15. februar vil det vera markeringar over heile landet, mot at Noreg skal slutta seg til ACER. I Odda er blant anna ei markering, der Ørjan Normann skal halda appell.

– Eg skal gjera mitt beste for å overtyda tvilarane, avsluttar Normann.

Artikkeltags