Oppfordrar fleire til å søkja jobb ved Hydro Husnes

Fabrikksjef Johan Berg og prosessoperatør Madelen Ølmheim gler seg over alt som skjer og skal skje ved Hydro Husnes framover. I bakgrunnen, like ved dei karakteristiske siloane, er grunnarbeidet for eit nytt kompressorbygg i gang.

Fabrikksjef Johan Berg og prosessoperatør Madelen Ølmheim gler seg over alt som skjer og skal skje ved Hydro Husnes framover. I bakgrunnen, like ved dei karakteristiske siloane, er grunnarbeidet for eit nytt kompressorbygg i gang. Foto:

– Vi har godt med søkjarar, men vil gjerne oppmoda fleire til å søkja, seier fabrikksjef ved Hydro Husnes, og prosessoperatør Madelen Ølmheim.

DEL

Sistnemnde er òg initiativtakar og leiar for Hydro Young Professionals (HYP) Husnes, ei fagleg og sosial gruppe for tilsette under 35 år. HYP Husnes har for tida 70 medlemer – Hydro Husnes har for tida rundt 240 tilsette, men skal bli 90 fleire.

Både Berg og Ølmheim gler seg til å få mange nye kollegaer i løpet av året. Søknadsfristen for dei mykje omtala 90 stillingane er søndag 20. januar. Tilsetjing og opplæring vil skje frå rundt mai og utover sommaren og hausten. Oppstart for B-hallen blir første halvår 2020.


Alle kan søkja

– Kan ufaglærte søkja?

– Ja, det kan dei, men vi vil helst ha søkjarar med fagbrev innan kjemiprosess, produksjonsteknikk, industrimekanikar, køyretøymekaniker, automatikarfaget og elektrikarfaget. Når det gjeld ufaglærte har vi eit system for at ein kan ta fagbrev etter kvart. Vi satsar mykje på å byggja kompetanse, seier Berg til Kvinnheringen.

– Kva med alder?

– Vi ønskjer å ha ulike aldersgrupper her, så det er berre å søkja. Ein stor del av dei som skal tilsetjast skal jobba i elektrolysen, altså i b-hallen, men også støyperiet skal oppgraderast og utvidast. Der vil det blir investert rundt 140 millionar kroner i samband med ei nytt spesialprodukt til bilindustrien, fortel Berg.

– Er alle stillingane skiftarbeid som inneber både dag-, kvelds- og nattskift?

– Der er det begge delar – noko er skiftarbeid, men det er òg jobbar på dagtid, seier Berg.

Hydro Husnes kan ikkje by på husvære, men søkjarar med adresse utanfor kommunen vil få hjelp til å orientera seg i den lokale husmarknaden, forsikrar fabrikksjefen.


Godt miljø

Madelen Ølmheim kom frå Nordhordland til Hydro Husnes for åtte år sidan og er blitt verande.

– Eg stortrivest her! Vi har eit veldig godt arbeidsmiljø og samhald, og gjennom HYP Husnes har vi fagleg og sosialt fellesskap på tvers av avdelingane, samt med andre Hydro-verk rundt om i landet. Det er ein fin måte å byggja nettverk på, smiler Ølmheim.

Ølmheim og Berg gjer eit poeng av at smelteverksindustrien ikkje lenger er så mannsdominert som før, noko som òg verkar positivt inn på arbeidsmiljøet.

– Kvinneprosenten ved Hydro Husnes er no på 20 prosent, fortel Berg.

– For einskilde skift i elektrolysen er den nesten oppi 50 prosent, opplyser Ølmheim.

Både prosessoperatøren og fabrikksjefen frydar seg over alt det spennande som skal skje ved Hydro Husnes i år og i åra som kjem.

– Det er rett og slett kjempestort å vera med på dette! Vi gler oss til å få mange nye kollegaer. Her er det berre å søkja i veg, oppmodar Ølmheim og Berg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags