Hydro legg seg i selen i rekrutteringsarbeidet

Spennande skuledag hos Hydro.

DEL

Fredag var den rekordstore TIP VG1-klassen med 40 elevar ved KVV invitert til Hydro Husnes. Hjørnesteinsbedrifta legg seg verkeleg i selen i rekrutteringsarbeidet.

Det er tradisjon med tett kontakt mellom Hydro Husnes og KVV. Men fredag var det første gongen aluminiumsbedrifta inviterte alle førsteårselevane ved Teknikk og industriell produksjon (TIP) til ein heil dags program hos bedrifta.

– Det er heilt bevisst – KVV er ein viktig rekrutteringskanal, slår personalansvarleg Eivind Torvik fast.

Han peikar på at bedrifta har behov innan mange fagdisiplinar. I så måte håpar han det store elevtalet ved TIP VG1 vil resultera i VG2-klassar både i kjemiprosess og industriteknologi neste skuleår.

– Vi har òg signalisert overfor fylket at KVV burde tilby automasjonsfag, legg Torvik til.

I lag med Hydro Husnes sine eigne personal- og opplæringsfolk, hadde også to kjemiprosess VG2-elevar viktige roller i starten av den uvanlege skuledagen. Hekmatullah Ahmadi (17) og Marcus Hylland Såtendal (18), begge busette i Omvidalen, orienterte om samarbeidet KVV sin kjemiprosess VG2-klasse har med Hydro Husnes.

– Vi hadde seks praksisveker før jul, og skal ha seks nye frå torsdag av. I desse vekene er vi tre dagar hos Hydro Husnes og tre dagar på skulen, foklarte dei blide elevane.

Dei likar miksen av teori og praksis veldig godt, og kjem begge til å søkja om lærlingplass ved Hydro Husnes frå hausten av.

– Kjemiprosess byr på mykje nytt å læra, og ein må jobba ganske mykje med stoffet, fortalde Såtendal etter at han og Ahmadi hadde snakka til gjengen frå TIP VG1.

– Men gjer ein den innsatsen, så går det fint. Det er ikkje så gale som ein del trur, la Ahmadi med eit smil.

Ein av lærarane ved TIP, Trond Thorsen, understrekar at praksisperiodane er nyttige på mange måtar, også for at elevane kan visa seg fram for bedrifter.

– Gjer ein eit godt inntrykk, aukar sjansen for lærekontrakt, understreka Thorsen.

Etter introduksjonen, fekk TIP-elevane prøva seg på fleire av Hydro sine dataprogram som blir brukte i det evige HMS-arbeidet. Med dataspel-inspirert opplegg både for smarttelefonar og større skjermar, samt poengfangst og konkurranseelement, går ein nye vegar for å gjera denne læringa meir lystbetont.

Kristoffer Tangstad (19) frå Seimsfoss likte det heilt nye 3D HMS-spelet. Der vanka det pokalar og poeng etter kvar som ein klarte utfordringane.

– Bra dataprogram, kommenterte Tangstad som segla høgt opp på poengrangeringa alt etter ti minutt.

Før fredagens besøk, hadde to lokale Hydro-ambassadørar, Benjamin Hus Ripel og Lindy Malene Ekeland, på førehand gjesta TIP-gjengen på KVV ein dag i slutten av januar.

– Vi snakka då om korleis det er å ta læretida (2 år) ved Hydro Husnes, informerte om lærlingløn, skiftordning, og at vi har ein eigen introduksjonsdag for nye lærlingar, forklarte Ekeland.

Etter informasjonsdelen vart dei tre TIP-klassane viste rundt på aluminiumsverket, både før og etter pizzalunsj. Kvinnheringen dilta med A-klassen i elektrolysen og fekk såleis kjenna på varmen frå omnane. Ingeniør Karoline A. Nilsen orienterte, og ingeniørkollega Svein Hardeland viste korleis det blir tatt prøvar av omnsbad og metall kvar 32. time.

TIP-elev Vidar Vetlækre (16) frå Seimsfoss sette pris på den uvanlege skuledagen:

– Dette er noko anna enn å sitja ved pulten, ja. Eg er overraska over kor stort det er her.

– Kva har du likt mest med Hydro sitt opplegg for dagen?

– Det kjekkaste var å koma rundt og sjå kvar som skjer ute i bedrifta, sa Vetlækre nøgd.

Når det gjeld yrkesval er han ikkje heilt sikker:

– Men eg har lyst å jobba med noko praktisk med maskinar og køyretøy.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags