Med rekordsterk drift og overskot på 43 millionar kroner før renter og skatt, har Hydro Husnes starta 2017 på en god måte, heiter det i ei pressemelding frå Hydro Husnes.
Fabrikksjef Per Øyvind Sævartveit trekkjer spesielt fram stabilt høg produksjonstakt når han oppsummerer dei første tre månadane av året.
Rekorddrift
– Driftsmessig er første kvartal i år rekordbra. Vi har lukkast godt med oppkøyring av straumstyrken slik at produksjonsvolumet i elektrolysen har auka, samtidig som vi har klart å redusera utetida på elektrolyseceller som er ute for omfôring. Held vi fram i denne forbetringstakten ser 2017 positivt ut, seier Sævartveit i pressemeldinga.
Den globale prisen på aluminium auka gjennom kvartalet, og saman med framleis svak krone samanlikna med dollar, bidrog dette positivt i rekneskapen til Hydro Husnes. Den positive priseffekten vart delvis oppvega av auka råvarekostnader samanlikna med sist kvartal.
Gode tilbakemeldingar
Hydro Husnes produserer primæraluminium som blir tilsett legeringsmetall og støypt ut i form av sylindrar som vert kalla pressbolt.
– Støyperiet leverer for tida godt på alle parametrar, og vi får gode tilbakemeldingar frå kundane våre, opplyser fabrikksjefen.
– Alle som jobbar her veit at vi kan bli betre, og filosofien i produksjonssystemet vårt er at vi skal bli betre i morgon enn vi var i dag. Men dei relativt gode kvartalstala viser at organisasjonen vår gjer veldig mykje godt arbeid, seier Sævartveit, i pressemeldinga.