Minus for Hydro Husnes i tredje kvartal

Tredje kvartal har vore utfordrande for Hydro Husnes.

DEL


I føremiddag kom kvartalsrekneskapen for Hydro Husnes, og det syner eit underskot på to millionar kroner før renter og skatt.

I ei pressemelding frå verksemda heiter det at den høge aluminaprisen er krevjande og gir direkte utslag i låg lønsemd.

– Nye og ukjende aluminakjelder har òg medført noko meir utfordrande drift gjennom sommaren, seier fabrikksjef Johan Berg.


Marknaden held seg bra

Marknaden for aluminiumsbolt held seg bra og Hydro Husnes har sidan august auka omsmelt i støyperiet for å møte etterspurnaden.

– Vi opplever god etterspurnad etter produkta våre og har store deler av året køyrt med omsmelt i støyperiet. Vi får stadig gode tilbakemeldingar frå våre største kundar på kvaliteten. Dette gler meg, seier Berg i pressemeldinga.

LES OGSÅ: Gledelege nyhende for Hydro Husnes: Startar opp igjen drifta ved aluminaraffineriet i Brasil (+)

Prosjektet er i gang

Vidare i pressemeldinga peiker Berg på at dei no er i full sving med planlegging av opninga av b-hallen første halvår 2020. Med det kjem rundt 90 nye arbeidsplassar på Husnes.

– Førebuingane til oppgradering og opninga av b-hallen går etter planen. Aktiviteten aukar framover og i desse dagar byrjar arbeidet med å rehabilitera bygningane i b-hallen og oppgradera reinseanlegga, seier Johan Berg.

LES OGSÅ: Hydro-arbeidarar skal bu i Uskedalen (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags