Oppgradering for 1,3 milliardar og 90 nye arbeidsplassar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I ei presemelding frå Hydro heiter det at B-hallen vil starta produksjonen første halvår 2020 og skapa 90 nye arbeidsplassar.

Kanapear kan etast og sjampanje sprettast rundt om i Kvinnherad. Hydro sa på eit styremøte onsdag kveld at B-hallen skal opnast igjen.

Måndag 3. november 2014 tok Hydro offisielt over Søral. Den gongen sa konserndirektør for primærmetall Hilde Merete Aasheim at det ikkje var spørsmål om, men når B-hallen skal opna. Same dagen sende direktør Svein Richard Brandtzæg ut e-post til alle dei tilsette med meldinga, målet er å starta drifta igjen i B-hallen.

I ei pressemelding i dag heiter det at oppstarten av den nye linja vil skje med bruk av nye teknologielement.

– Vi har tru på framleis aluminiumproduksjon i Norge. Vi legg til nye teknologielement i denne oppstarten, og med det byggjer vi eit robust og framtidsretta verk på Husnes. For Husnes betyr dette økt lønsemd, lågare energiforbruk og fleire arbeidsplassar, seier konserndirektør og leiar for Primærmetall i Hydro, Hilde Merete Aasheim.

Hydro Husnes produserer i dag rundt 95.000 tonn primæraluminium på årsbasis. Med opninga vil aluminiumverket produsera rundt 190.000 tonn aluminium i året.

– For å halda driftskostnadene nede i perioden sidan 2009 har vi brukt utstyr og komponentar frå den stengte linja til drift og vedlikehald i den produserande linja. Dette gjer at vi må oppgradera den stengte linja før vi startar, og tar då inn nye teknologielement som vil bidra til økt yting og lågare energiforbruk, seier Aasheim.

Les også:

Hydro Husnes startar opp B-hallen

Slik reagerer Jonas Gahr Støre på nyhendet 

    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags