60 millionar i pluss for Hydro Husnes

Dei 235 tilsette ved Hydro Husnes kan gle seg over at verksemda fekk eit overskot på 60 millionar kroner i 2016.

2016 vart eit bra år for Hydro Husnes.

2016 vart eit bra år for Hydro Husnes.

DEL

Særleg var det siste kvartalet i året sterkt, med 50 millionar i pluss, fortel fabrikksjef ved Hydro Husnes, Per Øyvind Sævartveit.

Det gode resultatet det siste kvartalet skuldast i hovudsak høgare aluminiumspris, og lågare kostnader på råvarene, og nokre rekneskapsmessige effektar.

Sævartveit er bra nøgd med fjorårsresultatet, sjølv om han ikkje vil bruka sine sterkaste superlativ på resultatet.

– 60 millionar er ikkje noko vi på sikt kan vera nøgde med, det er ikkje knalltal dette. Samstundes er det vesentleg betre enn å tapa store beløp, som vi gjorde tilbake i tid. Stabilisering av situasjonen gjer òg at vi er i ein langt meir robust og føreseieleg situasjon enn i 2012 og 2013. Då var det rett og slett eit spørsmål om vidare eksistens. Slik er ikkje situasjonen lenger, og det er gledeleg, seier Sævartveit.

Ved inngangen av fjerde kvartal låg aluminiumsprisen på 1.660 dollar per tonn, medan den ved utgangen var på 1.700 dollar. Tidlegare denne veka var prisen 1830, tilsvarande om lag 15 kroner per kilo. På det lågaste var aluminiumsprisen nede i rundt 11 kroner per kilo for ein del år sidan.

Solid

– På toppen av den globale aluminiumprisen kjem den marginen vi greier å realisera i støyperiet, og kvalitet er nøkkelen her. Kvaliteten på det støyperiet leverer er vesentleg forbetra, og variasjonen i kvalitet vesentleg redusert gjennom 2016. Dette er eit godt døme på korleis vi utnyttar kompetansen til arbeidarane våre for å henta ut ein høgare margin enn mange av konkurrentane våre, forklarar Sævartveit.

For aluminiumsprodusentane har det ofte vore slik at aukande pris på aluminium også har samanheng med dalande dollarkurs. Slik har det ikkje vore til no, noko som har slått positivt ut for verksemda på Husnes.

Sævartveit rosar medarbeidarane sine.

– Vi har gjort vesentlege framsteg på nær sagt alle driftsmessige parameter gjennom året, og det engasjementet folk har vist i dette arbeidet er imponerande. Dette er ein vesentleg del av forklaringa  på at vi kjem så bra ut av 2016, seier direktøren.

I fjor produserte dei 235 tilsette til saman 103.000 tonn aluminium.

Sterkt

For Hydro samla var det eit veldig bra år.

Nøkkeltal frå Norsk Hydros resultatrekneskap for fjerde kvartal 2016. Tal for fjerde kvartal 2015 i parentes.

Driftsinntekter: 21.250 millioner kroner (20.374 millioner kroner)

Driftsresultat: 1.008 millioner kroner (541 millioner kroner)

Resultat før skatt: 1.823 millioner kroner (655 millioner kroner)

Årsresultat 2016 (resultatet for 2015 i parentes):

Driftsinntekter: 81.953 (87.694)

Driftsresultat: 6.586 (2.333)

Resultat før skatt: 9.137 (3.425)

Artikkeltags