Hydro Husnes: 22 millionar i overskot i 2018, men underskot i fjerde kvartal

Hydro Husnes. (Arkivfoto).

Hydro Husnes. (Arkivfoto).

Høge råvarekostnadar og lågare metallpris trekte ned resultatet til Hydro Husnes i fjerde kvartal, og førte til eit underskot på 19 millionar kroner før renter og skatt. Likevel hadde aluminiumsverket på Husnes 22 millionar i overskot i 2018.

DEL

– 2018 har vore prega av høgare prisar på råstoff, først og fremst alumina. Det har påverka lønnsemda, og i fjerde kvartal har vi no eit negativt driftsresultat. Nye og ukjente aluminakjelder har også gitt oss utfordringar, men organisasjonen har gjort ein formidabel jobb med å stabilisera drifta slik at vi oppnådde ny produksjonsrekord i 2018 med 94.000 tonn, seier fabrikksjef Johan Berg i ei pressemelding som kom torsdag morgon.

«Best i klassen» på kvalitet

Marknaden for pressbolt har halde seg bra gjennom 2018, og veksten i bruk av aluminium i både bil- og bygningsindustrien bidrar positivt. Hydro Husnes har måtta tilføra kaldmetall/omsmelt gjennom delar av året for å møte etterspurnaden.

– Vi får stadig gode tilbakemeldingar frå kundane, og blei av ein av dei største kundane av pressbolt i Europa annonsert som «industry benchmark» på kvalitet. Dette er sjølvsagt utruleg viktig i ein global konkurranse som blir tøffare for kvart år, og ei viktig fjør i hatten til støyperi-organisasjonen som i lang tid systematisk har styrka presisjonen i alle arbeidsprosessane, seier Berg.

Forbetringar i yting og kvalitet har også bidrege til at Hydro no satsar 140 millionar kroner på å utvikla eit nytt spesialisert produkt gjennom ytterlegare oppgradering av støyperiet på Husnes.

Attraktiv arbeidsgivar

Aktiviteten for å oppgradera og gjenopna b-hallen er i full gang. Alt går etter planen, og det er forventa at linja vil starta produksjonen første halvår 2020.

– Det er spennande å få ta del i dette prosjektet som er så viktig for Hydro Husnes. Det er mange involverte og ekstra gledeleg er det å sjå at våre lokale leverandørar har vist seg konkurransedyktige i å få oppdrag i prosjektet, seier Berg.

– Like gledeleg var det å sjå den enorme interessa for å jobba på Hydro Husnes. Vi fekk inn over 500 søknadar på jobbane vi skal fylla i løpet av 2019 og 2020, seier Berg.

Hydro Husnes
Totalt 20174. kvartal 2018Totalt 2018
Produksjon:



Primæraluminium (elektrolyse)Tonn93.55523.61794.028
StøyperiproduksjonTonn106.57827.240115.350
Finansielle hovudtal:



DriftsinntekterMill NOK2.3906322.745
Resultat før renter og skatt (EBIT)Mill NOK178-1922
LME pris aluminium 3 mndUSD1.8772.0672.151

LME pris aluminium 3 mnd

NOK15.54717.18417.418
Personal:



Bemanning (heiltidsstillingar)Tal

245

261

261

Sjukefråvær%6,0 %3,6 %4,5 %
Tryggleik:



Personskader med fråværTal101


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags