Solid 2017 for Hydro Husnes: Produksjonsrekord og 178 millionar i overskot

Hydro Husnes legg bak seg eit godt år, og no blir det jobba på spreng for å førebu opninga av B-hallen. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Hydro Husnes legg bak seg eit godt år, og no blir det jobba på spreng for å førebu opninga av B-hallen. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Med 178 millionar i overskot før renter og skatt i 2017, og avgjersla om oppgradering og oppstart av B-hallen, legg Hydro Husnes bak seg eit godt år.

DEL

– 2017 har vore eit bra år. Marknadsforholda har utvikla seg positivt, og vi har hatt stabil og god drift, seier Johan Berg, fabrikksjef ved Hydro Husnes.

I fjerde kvartal leverte Hydro Husnes eit overskot på 44 millionar kroner før renter og skatt. Fabrikksjefen seier at det ikkje berre er høgare metallprisar som fører til at Hydro Husnes leverer positive tal.

Produksjonsrekord

Det har vore jobba systematisk og målretta på verket med å utnytta ressursane og teknologien på best mogleg måte. Dette har gitt gode resultat og flytta grenser. I 2017 blei det produsert over 93.500 tonn aluminium – noko som er ny rekord med berre éin hall i drift på Husnes.

– Kontinuerlege forbetringar er utruleg viktig i vår industri, og det har organisasjonen no oppnådd i lang tid, seier Berg.

Førebur oppstart

Fabrikksjefen gler seg også over Hydro si avgjerd om å gjenopna og oppgradera den andre produksjonslinja på Husnes.

– Vi er godt i gang med å etablera prosjektorganisasjonen og klargjera verket fram mot oppgradering og oppstart av B-hallen. Det er mange brikker som skal på plass, samtidig som vi skal ha full produksjon i A-hallen i heile perioden, seier Berg.

Bekymra over auka nettkostnader

Fabrikksjefen understrekar at gjenopninga av B-hallen er ei langsiktig investering som forutset forutsigbare rammevilkår slik at beslutningsgrunnlaget er solid. Berg seier Hydro Husnes er bekymra over det nye forslaget frå Statnett om ein ny tariffmodell for perioden 2019-2022. Forslaget er på høyring fram til 16. mars. Går forslaget gjennom, vil nettariffen for industrien auka betydeleg, noko som slår direkte inn på botnlinja til Hydro Husnes.

– Med dette forslaget vil vi få ein ekstrakostnad på opp mot 40 millionar kroner i 2020, og i åra etter vil kostnaden auka endå meir. Slike uforutsette ekstrakostnader gjer framtidige investeringar vanskelegare å gjennomføra. Det skapar større uvisse om kva framtidige kostnader vi skal basera avgjerslene våre på, seier Berg.
 

Hydro Husnes 4. kvartal 2017Totalt 2017

Produksjon:

Primæraluminium (elektrolyse)


Tonn

23 615

93 555
StøyperiproduksjonTonn25 995106 578

Finansielle hovudtal:

Driftsinntekter


Mill NOK

587

2390
Resultat før renter og skatt (EBIT)Mill NOK44178
LME pris aluminium 3 mndUSD2 1001 910
LME pris aluminium 3 mndNOK17 27015 939

Personal:

Bemanning (heiltidsstillingar)


Tal

245

245

Sjukefråvær

%7,3 %6,0 %

Tryggleik:

Personskader med fråvær


Tal

1

1
Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags