Jobba i nesten 60 grader: – Ein må oppleva det for å forstå korleis det er

Dei fleste jubla over det fine vêret og dei høge sommartemperaturane i helga. Marion Skogseth Bjørsvik (26) og Maja Sætre Sollien (22) var derimot ikkje like glade for den steikande sola – dei hadde helgevakt på Hydro Husnes, og i omnshallen vart det opp mot 60 grader.