– Nu gjelder det at give gass!

REIN ENERGI: Denne gjengen trur hydrogen kan bli ein stadig viktigare energiberar, og dermed eit potensielt spennande produkt for ein kraftkommune som Kvinnherad. F.v. Lars Emil Berge, Kjetil Harestad, Harald Maaland og Knut Førland.

REIN ENERGI: Denne gjengen trur hydrogen kan bli ein stadig viktigare energiberar, og dermed eit potensielt spennande produkt for ein kraftkommune som Kvinnherad. F.v. Lars Emil Berge, Kjetil Harestad, Harald Maaland og Knut Førland.

Kva har hydrogen med Kvinnherad, Kinderegg, snøggbåtar og togradersmålet å gjera?

DEL

Onsdag inviterte Kvinnherad Energi (KE), SKL og Småkraftforeininga til pressemøte. Dagleg leiar i KE, Knut Førland, avdelingsleiar for SKL si forretningsutvikling, Kjetil Harestad, og styreleiar i Småkraftforeininga, Lars Emil Berge, brenn alle for hydrogen som ein viktig energiberar i framtida. Med på møtet var også prosjektleiar for Kvinnherad kommune sitt hydrogenprosjekt, Harald Maaland.

Etter halvannan time med informasjon, oppsummerte Førland med ein humoristisk vri på eit kjent sitat om «at holde kjeft». I hydrogensaka meiner Førland det tvert imot er viktig å formidla den glade bodskapen: «Nu gjelder det at give gass!»

– KE ønskjer å vera med på å utvikla potensial for hydrogenproduksjon i lokalmiljøet. Men satsing på hydrogen som energiberar krev store investeringar, og fordrar samarbeid med andre aktørar, sa Førland innleiingsvis, og viste til at KE i ei tid har hatt dialog med Småkraftforeininga og SKL om akkurat dette.

Førland viste også til at SKL-eigarane BKK og Haugaland Kraft er store aktørar som begge har søkjelys på nye satsingar innan grøn energi.


Treng politisk vilje

– Samstundes er hydrogen-satsing avhengig av politisk engasjement, slik vi har sett at el-bilfordelane har sett fart i utskiftinga av bilparken, sa Førland.

Han håpar at ein på sikt kan få hydrogenproduksjon i Kvinnherad.

– Tenk om til dømes snøggbåtruta mellom Rosendal og Bergen vart operert av ein båt som gjekk på hydrogen? Det ville kravd om lag 600 kilo hydrogen per dag, slik at eit lokalt hydrogenanlegg på den måten kunne få ein stor kunde. Snøggbåtane i dag er miljøverstingar – hydrogendrift ville vore eit strålande miljøtiltak. Batteridrift gir for tung vekt for ein snøggbåt, forklarte Førland.

Han meiner ein må sjå på høvet til å byggja hydrogen-anlegg nær kraftverk, og viser til at det alt er aktørar som har vist interesse for hydrogenproduksjon.

– Shell-eigde Gasnor har sagt at om det skulle koma i gang hydrogenproduksjon, er dei klare med distribusjonsnettet sitt. Tenk om Kvinnherad kunne blitt ein føregangskommune!


Kinderegg

Lars Emil Berge viste til mogelegheitsstudiar for bruk av kraft. Han skisserte at produksjon av hydrogengass kan vera eit kinderegg om ein koplar det med oppdrettsnæringa. I staden for, eller parallelt med å levera straum til straumnettet, kan ein bruka straum til å produsera hydrogengass og oksygen ved elektrolyse av vatn. Setjefiskanlegg treng oksygen til vatnet ein brukar, og både setjefiskanlegg (på land), påvekstanlegg (også på land for å redusera tida i sjø) og oppdrettsanlegg (i sjø) treng straum.

– Ei slik løysing vil vera eit kinderegg for stadar der straumnettet ikkje har kapasitet til å ta imot straum frå småkraftverk. Slik er det til dømes i Rullestad i Etne, der det kunne vore bygt ut kraft som ville ha dekka årsforbruket til 20.000 husstandar, men manglande nettkapasitet har stoppa utbygginga.


Alternativ energiberar

Kjetil Harestad frå SKL understreka trongen for alternative energiberarar, både for «innelåst» kraft og for overskotskraft.

– Frå 2025 skal alle nye bilar vera fossilfrie og verda treng andre energiberarar enn batteri. Då er hydrogen eit glimrande alternativ, skal verda nå togradersmålet.

Harestad viste til at rundt 50 prosent av det totale energiforbruket i Norge er fossilt, og særleg innan transportnæringa og industrien vil behovet for rein energi veksa. Ein kan òg sjå for seg eksport av hydrogen.

– Gjennom Småkraftforeininga er SKL og KE involvert i ein større nasjonal studie som skal gjera opp status for hydrogen-teknologien: Kva potensial som finst, og kva fordelar me har i Norge. På grunn av olje- og gassindustrien er me alt gode på gasseksport, eksemplifiserte Harestad.

Også han understreka at det trengs verkemiddel frå politisk hald, til dømes slik ein no ser gir effekt gjennom elektrifisering av ferjedrift.



Hydrogen

• Kan produserast ved hjelp av elektrolyse, men ei utfordring er at noko av energien går tapt i prosessen.

• Kan bli eit viktig drivstoff i transportsektoren.

• Kan bli ein viktig måte å lagra energi på. Ikkje all vasskraft har vassmagasin, og vindkraft, solenergi og fornybare energikjelder treng lagringsløysingar for overskotskraft.

• Overskotskraft og innelåst energi (der straumnettet ikkje har kapasitet) kan brukast til å produsera hydrogen som igjen kan gjera transportsektoren og industrien grønare.

• Førebels er det berre éin produsent av hydrogen i Norge.


Artikkeltags