Ny turhytte på Valen

«Spirdalshytta» er ein ny og fin plass å ta ein kvil.

«Spirdalshytta» er ein ny og fin plass å ta ein kvil.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

I byrjinga av august sette Brubyggjarane ved Valen sjukehus opp eit nytt, flott turmål; «Spirdalshytta». Fritidsleiar ved sjukehuset, Atle Thoresen, fortel at bygget – i litt enklare form –tidlegare stod i båthamnområdet i Vågen, men er altså flytta og litt utbygd. Brubyggjarane har elles lagt fin torv på taket og beisa hytta så ho ser heilt ny ut.

Kjem du nedanfrå ligg hytta om lag 200 meter før du kjem til Svartatjødno, der det som kjent er ei stor hytte. Men den er mykje i bruk av turgrupper, og då er det veldig greitt for andre turgåarar og trimmarar å ha ein alternativ stad å søkja ly, eller ta ein pust i bakken. Av den grunn er kassen med trimboka flytta til den nye hytta. Med utsikt over både Spirdalen, Høylandssundet og endå vidare, ligg «Spirdalshytta» fint til like over den såkalla Tolvsteinarsvingen (ifølgje Thoresen stod det tidlegare 12 stabbesteinar i skogsvegsvingen like ved, no er det fleire).

Artikkeltags