– Det har vore eit eventyr! Eg veit det er noko alle seier, men eg meiner det så inderleg. Til og med nedturane har vore ein del av dette eventyret, for då har eg fått brynt meg. Ikkje eitt sekund har eg angra på at eg satsa.
Orda kjem frå gallerist Gøril Guddal. 30 år har altså gått sidan ho starta galleri. Først forsiktig i Snikkeriet i 1993, så ei tid på kaien i Rosendal, før ho kom til det som ho skildrar som det store tidsskiljet i gallerihistoria: Den store satsinga på tunet i Guddal. Det var i 2014.
– Det var eit tidsskilje å flytta opp hit til Guddal. Då blei lokala så store at det var mogleg å halda større utstillingar med større og fleire bilde. Storleiken på lokala eignar seg til ulike ting, noko mange kunstnarar set pris på, seier ho.
Mange spør Gøril Guddal om kva ho synest er det beste med å driva galleri.
– Då svarar eg at det beste er at eg får brukt alle sidene av meg sjølv, alt frå det praktiske til grubling og problemløysing. Alle møta med flotte kunstnarar og andre menneske har alltid vore ein stor opptur. Eg er utdanna bibliotekar, og får brukt den delen av meg òg i og med at kulturen er så tett vove i saman. Jobben min gir meg ganske enkelt høve til å bruka alle interessene mine, så eg kjenner meg svært heldig!
H.M. Dronning Sonja
30 år med samanhengande galleridrift skal sjølvsagt bli markert. Når sesongen startar i påsken, startar den med brask og bram. Då har Gøril Guddal invitert fleire av dei om lag 180 kunstnarane som har stilt ut i løpet av dei 30 åra til å stilla ut igjen, og responsen har vore over all forventing.
I ei pressemelding ho har sendt ut i samband med jubileumsutstillinga, skriv ho dette:
«Om lag 180 kunstnarar har stilt ut i løpet av 30 år. Nokre av dei har vore her fleire gonger. Og levert nye verk kvart år i alle desse åra. Eg har prøvd å setja saman ei fin gruppe som er inviterte til jubileumsutstillinga. Det er sjølvsagt særskilt ærefullt at H.M. Dronning Sonja enno ein gong seier ja til å stilla ut! Men også dei andre travle kunstnarane sa ja med éin gong, og det blir ei fin blanding av måleri, teikning, skulptur og grafikk. Dei fleste verka er heilt nye – så nye at både måling og pussing blei jobba med til siste slutt».
– Dette er kunstnarar som har eit forhold til galleriet. Nokre har vore her éin gong, nokre har vore her fleire gonger. Ulf Nilsen og John Audun Hauge er dei einaste som aldri har vore her før, for eg syntest eg måtte ha eit par heilt nye namn med òg, forklarer Gøril Guddal.
Utstillarane er følgjande:
H.M. Dronning Sonja – grafikk (utstilling 2018)
Ørnulf Opdahl – måleri (Utstillingar 2008, 2013 og 2016)
Kjell Erik Killi Olsen – måleri (utstilling 2008)
Ulf Nilsen – kolteikning
Eva Harr – måleri (utstilling 2000 og 2013)
Nico Widerberg – skulptur (Utstillingar 2001, 2007, 2011 og 2016)
Kenneth Blom – måleri (utstilling 2020)
Lars Elling – måleri (Utstilling 2019)
Yngve Henriksen – måleri (utstillingar 2006, 2011 og 2021)
Bård Breivik – skulptur (Utstillingar 2005 og 2021)
John Audun Hauge frå Bergen viser skulptur i stein ute i tunet og inne i Stallen.
I grafikkrommet blir det fokus på Pia Myrvold som nettopp har flytta tilbake til Norge etter mange
år i Paris.
– Får vi sjå nokre av kunstnarane sjølve på utstillinga?
– Ja, det får de, seier ho, men vil førebels ikkje røpa kven som tar turen.
Ny kafévert
Under utstillingsopninga blir det òg høve til å møta kunstnarar som ikkje har stilt ut hos henne før, men som har levert fast til butikken i mange år, som keramikarar og smykkedesignarar.
Ordførar Hilde Enstad står for opninga. Ein jubileumskatalog som er laga til jubileumsåret skal òg vera klar til opningsdagen. Her har journalist og forfattar Eva Røyrane intervjua nokre av utstillarane. Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord, har med utgangspunkt i sin opningstale til H.M. Dronning Sonja i 2018, skrive teksten om henne.
Gøril Guddal har òg fått på plass ny kafévert for sesongen, og ho skal sjølvsagt vera klar til opningsdagen.
– Vi er så heldige at vi har fått Amalie Moss til å driva kafeen i sommar. Ho tar imot folk frå skjærtorsdag av og ut sesongen, seier Guddal.
Som om ikkje det alt var nok å sjå fram til, blir det konsert med folkrockgruppa «Kjerefolk» på låven etter utstillinga.
– Korleis er nervane før den store jubileumsopninga?
– Det sitrar skikkeleg i kroppen no, og eg gler meg heilt enormt! Eg skriv lange lister for å hugsa alt. Men eg har styring, altså, legg ho lattermildt til, og det er det absolutt ingen grunn til å tvila på. Det er berre å gle seg til påske!
