Gå til sidens hovedinnhold

I fjor blei Nina sitt tre kåra til «Årets juletre i Kvinnherad» – kanskje ditt tre stikk av med sigeren i år?

Send inn bilde av juletreet ditt og bli med i konkurransen!

«Årets juletre i Kvinnherad 2020»

Juletre høyrer liksom med for å få skikkeleg julestemning. Og kor elles skal du leggja julegåvene? Men kva som er finast, ekte tre eller kunstig, er det delte meiningar om. Dessutan har vi sett mange kreative løysingar opp gjennom åra – nokon har til og med laga juletre av ølboksar! For der nokon vil ha det tradisjonelt, vil kanskje andre ha det moro og vera kreative. Berre fantasien set grenser i denne konkurransen!

I fjor kåra Kvinnheringen for første gong Årets juletre i Kvinnherad. Då stemte lesarane våre fram Nina Babsy Løyning på Husnes sitt flotte juletre som vinnar.

I år skal vi igjen kåra «Årets juletre i Kvinnherad 2020», og håpar du vil vera med i konkurransen!

Send inn bildet på e-post til redaksjon@kvinnheringen.no.

Fristen for å delta er vesle julaftan, 23. desember, klokka 18.

Ein jury vil plukka ut dei 15 beste bidraga, som lesarane så skal stemma over fram til måndag 28. desember.

I romjula må du derfor følgja med på Kvinnheringen.no for å sjå trea du kan stemma over, og kanskje er ditt tre plukka ut til å vera med i konkurransen?

Vinnaren av «Årets juletre i Kvinnherad 2020» får eit gåvekort på 1.000 kroner på Husnes Storsenter, og ei spesialdesigna julekule med Kvinnheringen-logo på som bevis på sigeren.

Kommentarer til denne saken