Saman med Amedia og Sparebankstiftelsen DNB deler Kvinnheringen ut 150.000 kroner til foreiningar og organisasjonar i år igjen.
– Som ein viktig samfunnsinstitusjon vil vi gjerne bidra til å skapa gode lokalsamfunn. Vi ønskjer å spegla og utvikla lokal kultur og identitet, og vera ei viktig og positiv kraft i utviklinga av det som skjer i området vårt, seier redaktør Mona Grønningen.
I fjor fekk desse fire laga støtte:
• Kvinnherad Motorsportklubb fekk 35.000 kroner til innkjøp av kross-sykkel og verneutstyr for utlån.
• Turstiar Storemyr-Toftåsen fekk 15.000 kroner til rydding av turstiar, leikeapparat og gapahuk.
• Matre bygdelag fekk 30.000 kroner til robåt til Dranesparken.
• Løkjelsøy, Kolsøy og Valøy venelag fekk 70.000 kroner til leikeapparat og tilkomst på Løkjelsøy.
– I den pågåande korona-pandemien opplever vi det som ekstra meiningsfullt å kunna bidra med støtte til aktivitetar for barn og unge, seier Grønningen, og legg til:
– Journalistikken og samfunnsoppdraget er Kvinnheringen sin forretningsidé. Det betyr at vi gjennom den daglege nyhendedekninga, og også litt lengre reportasjar, gir folk kunnskap og innsikt, og gir dei moglegheit til å følga det som skjer rundt seg, til å delta i debatten, og engasjera seg i sitt nærmiljø. Stadig fleire oppdagar verdien av journalistikken vår. Gjennom å teikna seg som abonnentar er dei med på å bygga avisa sterkare og gjera vår evne til å utføra samfunnsoppdraget vårt endå betre. Det er vi takksame for, og med denne gåvetildelinga ønskjer vi å gi noko tilbake.
Søknadsfristen er 4. mai. Deretter skal ein lokal jury bestemma kva tiltak som skal få midlar.
Dette er medlemmane i juryen: Mona Grønningen (redaktør for Kvinnheringen), Håvard Røyrvik (journalist og nyhendeleiar i Kvinnheringen), Kristine Røyrvik (medierådgivar i Kvinnheringen) og Hans Inge Myrvold (ordførar).
Offentleggjering av kven som får støtte skjer 1. juni.
Søknadar kan berre leverast gjennom denne søknadsportalen: https://soknad.sparebankstiftelsen.no/amedia.
Fakta om støtteordninga:
Pengestøtta frå Kvinnheringen inngår i ei ordning som omfattar 76 aviser eigd av Amedia-konsernet. Til saman skal det delast ut 25 millionar kroner i støtte til opne aktivitets- og fritidstilbod og anna ideell verksemd i regi av lokale lag og foreiningar i dei kommunane som avisene dekker.
Utdelinga skjer i samarbeid med Sparebankstiftelsen DNB, som for fem år sidan kjøpte Amedia og oppretta Amediastiftelsen for å ivareta eigarskapen. Utlysinga av 25 millionar kroner i støtte skjer i tråd med det som er formålet til Amediastiftelsen: «Eiga norske aviser og tilknytt verksemd. Verksemda skal drivast på forretningsmessig grunnlag. Stiftinga kan bruka av sitt overskot til å gi bidrag til allmennyttige formål.»
