Heine (18) hamna på pallen i Dubai

MEDALJEVINNAR: Heine Røssland (18), med foreldre frå Kvinnherad, tok sølvmedalje under laurdagens spydtevling i Special Olympics i Dubai (foto: Lars Ivarsøy).

MEDALJEVINNAR: Heine Røssland (18), med foreldre frå Kvinnherad, tok sølvmedalje under laurdagens spydtevling i Special Olympics i Dubai (foto: Lars Ivarsøy).

Heine Røssland (18) vann laurdag sølvmedalje i spyd under Special Olympics i Dubai.

DEL

Special Olympics i Dubai samlar over 7.000 deltakarar frå heile verda. Sølvmedaljen til Heine var den første norske medaljen, og han er éin av berre to deltakarar frå Hordaland. Heine representerer idrettslaget Gneist på bergenskanten. Foreldra til medaljevinnaren kjem frå Halsnøy og Husnes, og dei er for tida saman med sonen under leikane i Dubai.

– Sjølv om Heine er busett i Bergen, er han likevel hundre prosent kvinnhering, skriv Lars Ivarsøy frå Husnes til Skimtvis.no.

Ivarsøy var i publikum då Heine tok medalje i spydkast-konkurransen.

STOLTE FORELDRE: Heine Røssland (18), vann laurdag sølvmedalje i spyd under Special Olympics i Dubai. Her er han saman med foreldra Marlen Eide Røssland og Lars Arve Røssland (foto: Lars Ivarsøy).

STOLTE FORELDRE: Heine Røssland (18), vann laurdag sølvmedalje i spyd under Special Olympics i Dubai. Her er han saman med foreldra Marlen Eide Røssland og Lars Arve Røssland (foto: Lars Ivarsøy).






Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags