Gav klarsignal for ny idrettshall på Husnes

NØGDE: Richard Erlandsen (bilde) og Knut Prestnes har jobba hardt med realiseringa av Kvinnherad Arena. Torsdag kunne dei pusta letta ut då eit samrøystes kommunestyre godkjente planprogrammet for den nye idrettshallen.

NØGDE: Richard Erlandsen (bilde) og Knut Prestnes har jobba hardt med realiseringa av Kvinnherad Arena. Torsdag kunne dei pusta letta ut då eit samrøystes kommunestyre godkjente planprogrammet for den nye idrettshallen. Foto:

Eldsjelene i idretten jublar, endeleg kan det første spadetaket bli tatt.

DEL

– Eg vil skryta over kreativiteten til politikarane, og evna deira til å sjå moglegheitene, sa ein særs nøgd Knut Prestnes etter eit positivt og samrøystes vedtak torsdag.

Kommunestyret hadde saka om den nye idrettshallen «Kvinnherad Arena» oppe til behandling. Innstillinga til rådmannen var at kommunestyret skulle godkjenna planprogrammet, samstundes som at Rådmannen bad om fullmakt til å lysa ut og starta grunnarbeidet, og laga tilkomstveg så snart som mogleg.

Richard Erlandsen, leiar i Kvinnherad idrettsråd, var komme for å fortelja om arbeidet idrettsrådet gjer med å finansiera prosjektet. Dei søker midlar hos diverse stiftelsar og bedrifter, deriblant Hydro, Sparebanken Vest og den idrettsglade næringslivsleiaren Trond Mohn.

– I dag må vi seia nei til barn som vil vera i fysisk aktivitet. Det er ikkje bra i ei digital verd som i dag, sa Erlandsen, som kunne fortelja at kapasiteten i idrettshallen på Husnes i dag er sprengt.

Innstillinga fall

Det var ikkje tvil om at heile kommunestyret ønsker den nye idrettshallen, men likevel var nokre av politikarane usikre på finansieringa av prosjektet, og om Kvinnherad ville sitta igjen som svarteper.

– Det er klart det er behov for denne idrettshallen, kapasiteten er sprengt. Men vi er òg bekymra for kostnadsutviklinga i Høgre. Eg trur vi må gjera noko små endringar i innstillinga, sa Øyvind Lernes (H), og ønskte med det både gruppeleiarmøte og gruppemøte.

Resten av kommunestyret var samd, og møte blei det. Då politikarane kom tilbake kunne alle saman støtta det nye forslaget, som var mykje likt innstillinga til rådmannen. Endringane var at planprogrammet blei godkjent, men med atterhald om ekstern finansiering, og at rådmannen legg fram endeleg finansieringsplan for godkjenning i kommunestyret når eksterne bidrag er avklara.

Kommunestyret i ryggen

Knut Prestnes, som saman med Erlandsen, representerer idretten, roste politikarane etter det samrøystes vedtaket.

– At dette blei eit samrøystes vedtak er i seg sjølv ei kraft med tanke på at vi idretten skal ut å henta meir pengar. Her stiller heile kommunestyret seg bak og gir oss solide kort på hand! sa ein imponert Prestnes.


Artikkeltags