Klart for Folgefonna Opp og Maurangerdagen

BARKEBÅTAR: Mange ungar mora seg med barkebåtar under Maurangerdagen i fjor. (Pressefoto).

BARKEBÅTAR: Mange ungar mora seg med barkebåtar under Maurangerdagen i fjor. (Pressefoto).

11. august inviterer Ænes og Mauranger Bygdalag til motbakkeløpet Folgefonna Opp og Maurangerdag i Bondhusdalen.

DEL

Dette går fram av ei pressemelding frå arrangørane som lovar ein innhaldsrik dag: Løpet tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn, og i sjølve indrefileten av det Kvinnherad har å by på av natur. Folgefonna Opp vert arrangert for sjuande gong.

Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med mange hårnålssvingar, til Gardshammar (745 moh.). Vidare følgjer løparane den T-merka stien inn i eit alpint landskap og kjem i mål etter 11 km ved Fonnabu turisthytte (1460 moh.) like ved Folgefonna. Her ventar ei fantastisk utsikt og dessutan Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe.

Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen/turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og har laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikkhytta.

I år oppmodar arrangørane spesielt fleire mosjonistar til å delta: «Bruk sjansen til å koma deg ut på ein flott fjelltur, eller test deg sjølv i kva form du er i. Krav for fullført løp i mosjonistklassen er minimum til Gardshammar. Ingen tar tida på deg og middag ved samlingsplass er inkludert i deltakaravgift», heiter det i pressemeldinga.

Juniorklassen startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Gardshammar, fem km ut i løypa.

Fristen for påmelding var sett til 5. august, men det er ope for etterpåmelding like fram til løpsdagen. Påmelding via lenke på www.folgefonna-opp.no. Der vil du også finna meir informasjon om løpet.

Vinnarane kan venta seg flotte lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til pengepremiar. Blant anna kan du vinna den unike FolgefonnaOpp strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord, blir du den glade eigar av ein handlaga kniv. Då må du tukta dei sterke tidene til Arild Een 1.23.26, eller Mai Britt Buer 1.40.21.

Maurangerdag

Samstundes som deltakarane sveittar seg opp lia, blir det folkefest inne på Sandarvollen, to km lett gange frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start som motbakkeløparane og målgang inne på Sandarvollen med premie til alle. Her blir det også Mauranger-meisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, øksekasting, zip-line over Bondhuselva, ansiktsmaling og quiz.

I kiosken blir det sal av tradisjonsmat som rjomegraut, mjølkekaker og grilling av fiskeburgar og pølser mm. Her vil også premieutdelinga for motbakkeløpet føregå. Om kvelden blir det pubkveld på Mauranger Kro og Gjestehus.

«Det er altså ingen grunn til å sitja heime denne laurdagen, enten du vil forbrenna kaloriar så det sprutar, eller berre kosa deg med ein god porsjon rjomegraut. Ænes og Mauranger Bygdalag ønskjer alle sprekingar og mindre spreke hjarteleg velkomne til Bondhusdalen 11. august», heiter det til slutt i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags