185.000 kroner til Trio

Fordelinga av grasrotmidlar til lag og organisasjonar i Kvinnherad er no klar. (Arkivfoto: Mona Grønningen).

Fordelinga av grasrotmidlar til lag og organisasjonar i Kvinnherad er no klar. (Arkivfoto: Mona Grønningen).

Den totale fordelinga av grasrotmidlar til lag og organisasjonar i Kvinnherad er no klar.

DEL

Som tidlegare er Trio klart største mottakar. 337 personar som leverer inn spel hos Norsk Tipping, gjev ein del av det dei spelar for til Trio. Trio fekk inn 185.000 kroner, noko som er 12.000 mindre enn fjoråret.

Halsnøy IL er nummer to på lista med 136.231 koner gjennom grasrotandelen.

Det er fem idrettslag som tronar øvst på inntektstoppen, medan Herøysund Bygdalag er nummer seks på lista.

Topp 10:

Lag / Kroner (givarar i parentes)

1. Trio Idrettslag 185 230 (337)

2. Halsnøy Idrettslag 136 231 (284)

3. Rosendal Turnlag 90 945 (223)

4. Il Strand Ulv 81 543 (132)

5. Uskedal Idrettslag 69 950 (128)

6. Herøysund Bygdalag 62 503 (82)

7. Hatlestrand og Ølve Skyttarlag 50 745 (47)

8. Kvinnherad Handballklubb 46 877 (95)

9. Arbeidsgruppa Valeparken 41 823 (87)

10. Kvinnherad Motorsportklubb 35 813 (124)

Fullstendig oversikt over mottakarar frå Kvinnherad kan ein sjå i onsdagens papirutgåve eller ved å lesa e-avisa her.

Artikkeltags