Idrettens smittevern-rettleiar opnar for felles ball – handballen jublar

Breiddeidretten fekk ny rettleiar måndag. (Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Breiddeidretten fekk ny rettleiar måndag. (Illustrasjonsfoto: Colourbox).

Av

Den ferske rettleiaren frå regjeringa for norsk idrett under viruskrisa opnar for bruk av felles ball. Samtidig blei det forvirring om trening for yngre barn.

DEL


Rettleiaren som vart presentert måndag, er utarbeidd av eit fagutval med representantar frå Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Norges idrettsforbund og ulike særforbund.

I rettleiaren heiter det mellom anna at same ball kan brukast av fleire utøvarar, føresett at reglane for god handhygiene blir teken vare på før og etter bruk av felles utstyr.

– Det er veldig godt for norsk handball at vi no får lov til å drive med handball, vere saman og dyrke fellesskapet i praksis litt. I tillegg er det veldig fint at vi får byrje å kaste ball, som er heilt sentralt i handball, seier handballpresident Kåre Geir Lio til NTB.

I Norges idrettsforbund er òg gleda stor.

– Det blir no opna for meir aktivitet med felles utstyr, til dømes kasting av ball. Vi kan med dette seie at ballen og anna felles berøringsutstyr med dette er frikjende. Det gir gode moglegheiter for igangsetting av mykje idrettsaktivitet der ein rører same utstyr, seier generalsekretær Karen Kvalevåg.

Forvirring

Toppfotballen gjekk måndag i gang med treningar der spelarane kan ha kontakt. Like etter at rettleiaren vart presentert måndag, sende Norges idrettsforbund ut ei pressemelding der det heitte at barn opp til 4. klassetrinn òg kan ha fysisk kontakt i treningssituasjon i tida som kjem.

Føresetnaden var ifølgje NIF at gruppene ikkje overstig 10 personar. Nokre timar seinare avviste likevel Helsedirektoratet den tolkinga overfor VG.

– Det som står i rettleiaren vi har sendt ut, er at det for dei minste skulebarna kan vere vanskeleg å overhalde éinmetersregelen, og derfor er det viktig med mindre og faste grupper inntil ti personar, seier avdelingsdirektør Jakob Linhave.

Han understrekar at regelen om éin meter òg gjeld for dei minste, på lik linje resten av breiddeidretten og toppidretten. Slik er avsnittet om dei yngste barna formulert i rettleiaren:

«For dei minste barna (barnehage/barn i småskule) kan det i praksis vere vanskeleg å gjennomføre minst 1 meters avstand under ulike fysiske aktivitetar. For å kunne vareta smittevernet samstundes som barna får utøve desse aktivitetane bør ein streve etter å ha faste grupper med færre barn slik at talet på nærkontakt blir redusert. For desse kan ein til dømes ha faste grupper med 5–10 personar».

Idretts-spesifikke rettleiarar

Regelen om minst éin meters avstand skal òg haldast oppe dersom det er aktuelt med felles transport til eller frå aktivitetar. Samstundes blir det rådd mot transportløysingar der mange reiser saman. Det same gjeld offentleg transport.

Vidare blir det understreka at aktivitetar som samlar deltakarar frå ulike geografiske område, blir tilrådd avlyst eller utsett i tida som kjem.

Bruk av garderobar er ikkje tillatt, men toalett skal kunne nyttast i tilknyting til garderobeanlegg.

Som følgje av at smitterisikoen er større innandørs enn utandørs, blir det òg tilrådd at ein så stor del av idrettsaktiviteten som mogleg blir halden utandørs. Her blir det vist til at hallidrettane kan prøve å gjennomføre oppvarmingane sine under open himmel.

Dei enkelte særforbunda skal i tida som kjem utarbeide sin eigen rettleiar. Handballen aktar å vere raske.

– Han er ferdig i morgon. Det kan eg love deg. Vi kjem til å setje oss ned med éin einaste gong, seier handballpresident Lio til NTB.

Tak på 20 og 50

Rettleiaren som vart presentert måndag, byggjer i det store og heile på den oppmjukinga av smittegrepa rundt idretten som regjeringa offentleggjorde førre veke. Store delar av breiddeidretten fekk då grønt lys til å starte ei gradvis gjenopning, og dørene til idrettshallane vart gjenopna.

For treningar i barne- og ungdomsidretten er det sett eit øvre tak på 20 personar. Det er samstundes mogleg for fleire grupper à 20 personar å opphalde seg på same treningsareal.

Idrettsarrangement kan avviklast med inntil 50 personar til stades, føresett at det finst ein ansvarleg arrangør. 15. juni blir det opna for arrangement med inntil 200 personar.

I samarbeid med Norges idrettsforbund skal helsestyresmaktene i tida som kjem sjå på erfaringane frå opninga av toppfotballen og korleis desse kan brukast i annan toppidrett.

– Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet foreslår at det blir teke ei ny vurdering før sommaren, for å sjå på ei ytterlegare normalisering av idrettsaktivitetar, varsla helsedirektør Bjørn Guldvog måndag.

Han understreka samstundes at det enkelte idrettslaget i tida som kjem har ansvar for å lære opp leiarar, trenarar, foreldre og utøvarar i smittevernreglane som gjeld, og at opplæringa skal vere gjort før aktivitetane blir igangsett.

(©NPK)


Artikkeltags