«Desto større er skuffelsen over at vi må ta opp igjen den kampen som vi driv på vegner av frivillige lag og organisasjonar»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad handballklubb er veldig uroa over det nye utspelet frå kommunedirektøren om å utsetja bygginga av Kvinnherad Arena til 2023. Dette er direkte i strid med kommunestyret sitt samrøystes vedtak i mars i år om å setja i gang byggeprosessen. Desto større er skuffelsen over at vi må ta opp igjen den kampen som vi driv på vegner av frivillige lag og organisasjonar.

Argumenta er dei same: KHK åleine har no 326 aktive medlemmar, med lag frå Utåker, Sandvoll, Valen, Sunde, Halsnøy, Husnes, Herøysund m.m. Hallkapasiteten i den delen av kommunen er for lengst sprengt. Fleire lag bør trena to og tre gonger i veka, men det er det ikkje kapasitet til. Vi har slege saman fleire treningsgrupper for i det heile å kunna tilby halltid, noko som gjer at vi har store grupper og slett ikkje optimale treningsforhold.

Vi skulle ønskja at vi kunne få opp fleire gutegrupper i handballen. Etterspørselen er der, men det er ikkje hallkapasitet til å ta imot dei. Vi må dessverre avgrensa rekrutteringa av medlemmar, og det er rett og slett ein katastrofe for handballsporten.

Gymsalen på Husnes som vi deler med Undarheim skule er ikkje tilrettelagt for trening for 9-åringar og eldre. Det er berre to minimål, det er ikkje merka banar, og gymsalen er i det heilefor liten til å driva handballtrening.

Den intense bruken gir ekstra slitasje på begge anlegga som skulane og idretten nyttar på Husnes. Ifølgje Statistisk sentralbyrå brukar Kvinnherad kommune betydeleg mindre midlar på kommunale idrettsanlegg og tilskot til andre idrettsanlegg samla sett, enn nabokommunane vi kan samanlikna oss med (sjå bilde).

Kvinnherad Handballklubb deltok saman med IL Trio og Kvinnherad kommune i forprosjektet for den nye idrettshallen. Arbeidet med innhentinga av idretten sin del av finansieringa er for det meste i hamn. Vi har rett og slett ikkje råd å venta til 2023/24 dersom vi ønskjer vekst og utvikling i Kvinnherad. Dette er ei investering for framtida. Me ønskjer sunne, spreke born og ungdommar, som kan ha ei aktiv fritid her i kommunen!

Kvinnherad Handballklubb

Styret

Foto:

Foto:

Foto:

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags