Millionkontrakt til iDrift

Anders Seim Jr frå HMR og Stian Lauknes gratulerer kvarandre. På høgre side Gaute Lund og til venstre Jan Ove Prestnes.

Anders Seim Jr frå HMR og Stian Lauknes gratulerer kvarandre. På høgre side Gaute Lund og til venstre Jan Ove Prestnes.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

IT-selskapet iDrift har sikra seg millionkontrakt med HMR Group.

Avtalen rommar ein omfattande IT-driftsavtale der selskapet skal levera serverinfrastruktur, drift og IT-support for heile konsernet. Verdien på kontrakten er på fleire millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå iDrift.

– HMR Group har vore kunde av iDrift i mange år, så vi tar det som ei tillitserklæring når de vel oss for vidare samarbeid. Det er såkalla «hyperkonvergert» infrastruktur vi skal levera til HMR Group. Løysingar tilpassa ei framtid med skytenester, seier dagleg leiar i iDrift, Stian

Lauknes i pressemeldinga.

Vidare heiter det at iDrift i 2017 har brukt mykje tid og ressursar på å forbetra og fornya løysningar internt og ut mot kundane.

— Vi har effektivisert drifta vår, fått betre oversikt og tatt kontroll heilt ned på klientnivå hos kundane. Vi ser heilt klart at bedriftsmarknaden etterspør høgare grad av sikkerhet og moderne verktøy for

oversikt og kontroll, heiter det i pressemeldinga. Han peikar på at dei i det siste har vunne fleire kontraktar der dei ikkje har vore billegast, men der dei har hatt ei totalpakke med trygge løysingar. 

—Vi er veldig nøgd med prosessen vi har vore gjennom og er trygg på at iDrift leverer ei framtidsretta løysning. Vårt hovudfokus var å finna ei IT-driftsløsning som ville sikra tilfredse medarbeidarar og høg produktivitet, seier administrerande direktør i HMR Group, Anders Seim jr.

– Vi gjennomførte ein grundig prosess og vurderte ei rekke ulike leverandørar for å finna riktig partner, seier Seim.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags