Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje ordinære gudstenester dei neste to vekene

Artikkelen er over 1 år gammel

Som ein konsekvens av dei innstrammingane som kom etter pressekonferansen til regjeringa søndag kveld, avlyser kyrkja i Kvinnherad gudstenester og andre aktivitetar dei komande to vekene.

Dette gjeld derimot ikkje gravferder og andre kyrkjelege handlingar som til dømes dåp eller vigsel.

Gravferder blir gjennomført med maksimalt 50 personar til stades. Grunna avstandsreglar kan dette variere noko frå kyrkje til kyrkje. Andre kyrkjelege handlingar kan gjennomførast med maksimalt 10 deltakarar. Dette gjeld òg i store kyrkjer med mykje plass.

– Situasjon for heile samfunnet er utfordrande, og det er viktig at vi i kyrkja og tar del i dugnaden for å få avslutta denne pandemien, seier kyrkjeverje, Torstein Aarthun.

Les også

To nye smittetilfelle i Kvinnherad

Kommentarer til denne saken