Gå til sidens hovedinnhold

Ikkje ordinære gudstenester dei to neste helgene

Også kyrkja i Kvinnherad følgjer korona-situasjonen tett, og ønskjer å vera med å ta ansvar i ein krevande situasjon.

– Me i kyrkja ynskjer å vera til stades i folk sin kvardag, og formidla håp, trøyst og tru inn i dagar som for mange no blir opplevd som vonde og håplause. Til vanleg kan me formidla dette når me inviterer til gudstenester og andre samlingar i kyrkjene våre. Nett no kan me formidla tryggleik og omsorg best ved å ikkje invitera til samlingar, skriv fungerande kyrkjeverje Jan-Ove Fagerheim i ei pressemelding torsdag 12. november 2020.

Ikkje ordinære gudstenester

Erna si generelle oppmoding om at ein skal vera mest mogleg heime, kombinert med smittevernlegen i Kvinnherad si tilråding, gjer at det ikkje blir opne gudstenester i kommunen vår denne og neste helg (20.-22. november). Der det er meldt inn dåp, vert det halde eiga dåpsgudsteneste. Gravferder og vigsler i vekene framover vert gjennomført, men med maks 50 personar til stades.

– Til vanleg er det stor aktivitet i ein del av kyrkjene våre også på kvardagane. Samlingar som trusopplæring, temakveldar, barne- og ungdomsarbeid, korøvingar o.l. vert og avlyst, i alle fall ut november. Dermed kan det og sjå mørkt ut for ein del av dei planlagde julekonsertane som var planlagt i desember. Me veit at dette i tilfelle vil verta eit stort sakn for mange.

Digitale alternativ

– Då korona gjorde sitt inntog i vår prøvde me oss på nokre digitale «Ord for helga». Noko liknande vil nok dukka opp i vekene framover òg. Alt no til helga vil ein kunna finna ei digital helsing frå ein av prestane våre på heimesida vår og kyrkja si Facebook-side, skriv Fagerheim og legg til avslutningsvis:

– Sjølv om dette ikkje er noko kjekt, kan det høva å sitera komikaren Espen Eckbo som gjennom figuren sin «Asbjørn» i vår sa det slik: «Det er nå vi må vise at vi står saman - ved å være hver for oss!». Eigentleg er det jo dette det handlar om akkurat no.

Les også

Vibeke (20) frå Valen trur ho slapp billig unna viruset – har ei klar melding til andre: – Du tenker kanskje at det ikkje rammar deg

Kommentarer til denne saken