IL Trio avlyser Husnes Cup

Frå ein av kampane under Husnes Cup i fjor.

Frå ein av kampane under Husnes Cup i fjor.

Fotballgruppa i IL Trio har avgjort at Hydro Husnes Cup ikkje blir arrangert i år.

DEL

Leiar i Trio si fotballgruppe, Fred Nilsen, opplyser at cup-leiinga har bestemt seg for å avlysa årets cup.

– Det skjer på grunn av koronakrisa, og at vi er for seint ute til å kunna planlegga å flytta cupen til i haust. Sidan fleire av ressurspersonane som er med på å avvikla cupen jobbar i helsevesenet, kunne vi heller ikkje vita om vi hadde nok folk. Og blussar krisa opp igjen, kan det koma nye innstrammingar.

– Kva betyr avlysinga økonomisk for Trio si fotballgruppe?

– Trio mister ei viktig og kjærkomen inntekt, men vi skal klara oss. Avlysinga vil ikkje få konsekvensar for breiddefotballen og anna sportsleg, seier Nilsen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags