Tapte oppdrag: – Straumprisen er noko av det viktigaste når kunden skal velja verft

Frode Grønstøl, dagleg leiar i Halsnøy Dokk, meiner styret i Fjelberg Kraftlag har gjort ein god jobb og vil støtta det.

Frode Grønstøl, dagleg leiar i Halsnøy Dokk, meiner styret i Fjelberg Kraftlag har gjort ein god jobb og vil støtta det. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frode Grønstøl i Halsnøy Dokk AS meiner styret i Fjelberg Kraftlag har gjort ein god jobb.

DEL

Halsnøy Dokk AS, saman med dotterselskapet SPL Norway AS, er ein av dei aller største kundane og medlemane i Fjelberg Kraftlag. Desse to selskapa vil til saman spara omkring 400.000 kroner årleg med den reduserte nettleiga som blir i Haugaland Kraft.

– Dette er mange pengar for oss, pengar som betyr at vi kan hevda oss betre i konkurranse med andre bedrifter i bransjen. Straumutgiftene våre har i lang tid lege godt over konkurrentane sine, noko som har ført til at vi har gått glipp av oppdrag. No ser vi verkeleg fram til å konkurrera på likare vilkår, seier Grønstøl.

Han fortel at selskapet nyleg tapte eit viktig oppdrag, nettopp på grunn av dei høge straumprisane.

– Vi leverer straum til skip og riggar som ofte har eit betydeleg forbruk. Nyleg tapte vi et anbod på opplag av ein rigg på grunn av at vi hadde for høge straumprisar. Riggar i opplag bruker ofte 15 til 20.000 kWh i døgnet, og øreforskjellar i straumprisen gir derfor utslag på kostnadene for riggselskapet. Straumprisen er ein av dei viktigaste faktorane som vert vurderte når kunden skal velja verft, fortel Grønstøl.

– Kva med den omtalte gevinsten frå sal av aksjar, vil den bety mykje for dykk?

– Det er nettleiga og den årlege innsparinga vi er opptatte av. Skulle det i tillegg bli ein salsgevinst, set vi sjølvsagt stor pris på det òg. Det kan danna grunnlag for nye investeringar og vera med på å sikra arbeidsplassane.

– Per Ove Kviteberg har sagt at ein slik gevinst er i strid med lovverket. Har du ei meining om det?

– Ut frå det bildet eg har danna meg etter å ha følgd godt med, kan eg ikkje sjå at det er noko ulovleg i dette. Styret har spelt med opne kort.


Forseinka

Det ekstraordinære årsmøtet 6. desember skal berre vedta om Fjelberg Kraftlag skal omdannast frå eit samvirke til eit aksjeselskap, noko som er ein føresetnad for å fullføra samanslåinga med Haugaland Kraft. Kviteberg har annonsert at han vil stemma nei til dette for å stoppa prosessen, og prøver å få med seg dei nødvendige 20 prosentane av medlemane for å klara det. Omdanninga må ha 4/5-dels fleirtal for å bli vedtatt.

– Det ligg ikkje noko alternativt forslag på bordet til avstemming no. Dersom det blir eit nei til omdanninga, må ein begynna heilt frå start igjen. Avtalen som styret har klart å forhandla fram no, er god. Å tru at ein seinare kan få til noko betre er ein stor sjanse å ta. Mykje kan endra seg undervegs, og uansett vil det ta lang tid. I mellomtida må vi halda fram med å betala høg nettleige. Derfor ser eg på det som det einaste retta å stemma ja til omdanninga 6. desember, meiner Grønstøl.


Artikkeltags