Søkjer om å leggja steinfylling på havbotnen ved Hidle

Det omsøkte fyllinga er tenkt om lag der krysset er sett på kartet. (Kartgrunnlag frå Google).

Det omsøkte fyllinga er tenkt om lag der krysset er sett på kartet. (Kartgrunnlag frå Google).

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I desember skreiv vi om ein Kværner-jobb til sommaren som inneber at den utrangerte plattforma «Miller» (frå britisk sokkel) skal setjast ned på havbotnen ved Hidleøyane i Klosterfjorden. Der skal den etter planen delast i tre før opphogging på Eldøyane på Stord. No er søknaden endra, fordi ein etter grunnundersøkingar har funne ut at ein må forsterka havbotnen med to «striper» med steinfylling, i alt 10.500 kubikkmeter stein. Både Kystverket og Kvinnherad kommune må eventuelt gi løyve til operasjonen, og frå kommunen si side blir det vist til at slik utfylling er eit søknadspliktig tiltak etter plan- og bygningslova. Kystverket har enno ikkje svara på den første versjonen av søknaden (utan fylling), fordi ein der ventar på tilbakemelding frå Miljødirektoratet. Den endra søknaden krev også nye uttalar frå Forsvaret, Fiskeridirektoratet, Fylkesmannen, Stord kommune med fleire.

Det er Stord-firmaet Ingeniør Jørgensen som søkjer om løyve på vegner av tungløftfirmaet Saipem UK, og i søknaden blir det argumentert med at oppdraget er viktig både for Saipem og Kværner. Kontrakten er på 200 millionar, og for Kværner sin del av jobben vil det utløysa 50–60 årsverk, skriv firmaet Ingeniør Jørgensen.

Ifølgje den endra søknaden har Kværner føretatt undersøkingar av den aktuelle havbotnen på 56 meters djupne litt vest for Hidle: «Det er ikke synbar vegetasjon i området i form av koraller, gress eller tare». Får ein løyve til å laga fylling, er tanken å utføra det med ein røyrteknikk som gir minst mogeleg støv frå massen.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken