Handeland Industri kjøper halvparten av BKS-konsernet

Gudmund Øvrehus (t.v.) og Tore Thorkildsen har seld 50% av aksjane i BKS-konsernet til Handeland Industri AS. Arkivfoto: Kvinnheringen.

Gudmund Øvrehus (t.v.) og Tore Thorkildsen har seld 50% av aksjane i BKS-konsernet til Handeland Industri AS. Arkivfoto: Kvinnheringen.

Skarveland-familien har kjøpt 50% av aksjane i BKS-konsernet på Sunde.

DEL

Oppkjøpet skjer gjennom Skarveland-familien sitt industriselskap Handeland Industri AS. I ei pressemelding frå Handeland/BKS blir det vist til at BKS-konsernet har hatt ei svært positiv utvikling med Tore Thorkildsen og Gudmund Øvrehus som eigarar. Konsernet har høg aktivitet innan kraftkrevjande industri, maritim sektor, akvakultur og olje og gass.

Fleire selskapsendringar

Ifølgje pressemeldinga vil ein styrkja og vidareutvikla BKS-konsernet vidare ved å fusjonera BKS Montering AS og BKS Service AS inn i BKS Industri AS innan utgangen av 2019. Etter fusjonen vil BKS-konsernet bestå av selskapa BKS Holding AS, BKS Industri AS og BKS Eigedom AS. Vidare er BKS-konsernet majoritetseigar i selskapa BKS VVS & Ventilasjon AS og Zenith Engineering AS.

Til saman har BKS-konsernet 256 tilsette og ein forventa omsetnad på 236 mill. i 2019. Tore Thorkildsen hald fram som dagleg leiar i BKS Industri AS og Trygve Kjerpeseth blir ny styreleiar. Grunna auka aktivitet er det behov for fleire medarbeidarar i konsernet, heiter det i pressemeldinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags