Gå til sidens hovedinnhold

Ingebjørg Bratland-konsert avlyst – Herborg steppar inn

Artikkelen er over 2 år gammel

Den utselde konserten på Baroniet Rosendal med folkemusikaren Ingebjørg Bratland er avlyst.

Baroniet Rosendal melder på sine heimesider at artisten søndag knakk kragebeinet og skal opererast denne veka. Konserten i kveld har lenge vore utseld. Det er ikkje sett opp ny dato, men artisten håpar å setja opp ny konsert om ikkje lang tid.

Herborg Kråkevik har på kort varsel sagt ja til å steppa inn for Bratland, og det midt i ferien sin. Herborg held derfor konsert i Riddersalen saman med sin mangeårige pianist Helge Lilletvedt, same tid som Bratland-konserten skulle vore.

Baroniet Rosendal skriv at det også er høve til å få refundert billettprisen eller å byta til ein annan konsert.

Kommentarer til denne saken