Ingebjørg Oddsdotter Sævareid frå Rosendal er tilsett som ny fagsjef hos Salmon Group (SG), kjem det fram av ei pressemelding måndag.
Salmon Group er eit nettverk for små og mellomstore, lokaleigde selskap i havbruksnæringa som produserer laks og aure i Norge. Nettverket har aksjonærar langs heile kysten og administrasjonen er i Bergen.
Sævareid vil blant anna bidra til SG sitt arbeid innan fiskehelse, fôr og medisin. Ingebjørg er utdanna fiskehelsebiolog, og kjem frå stillinga som teknisk ansvarleg i MSD Animal Health, kor ho har vore i ti år i ulike roller, blant anna som marknadssjef, produktsjef og kundeansvarleg. Ho har jobba med ei rekkje av SG sine aksjonærar i si tidlegare rolle, og har derfor god kjennskap til dei utfordringane som finst.
– Vi er glade for at vi har fått på plass ein dyktig fagsjef, som vi ser vil passa godt inn i teamet vårt. Ingebjørg O. Sævareid har akkurat den kompetansen og erfaringa som trengst for å kunna bistå oppdrettarane i nettverket på det som er tettast på fisken. Vi gler oss til å få ho om bord, seier Anne-Kristine Øen, administrerande direktør i Salmon Group.
Sævareid tiltrer i jobben som fagsjef i Salmon Group den 1. mai 2019.