– Det har same forklaring som før. Vi hadde avtalar som gjorde at vi kunne prissikre til ein akseptabel pris. Det har vi ikkje lenger, seier Trude Undebakke, leiar for privatmarknaden til Wattn, til NTB.

26. august skreiv Europower om at Wattn var det einaste selskapet som tilbaud fastprisavtale i Sør-Noreg. Tilbodet gjaldt då berre straumområda NO1 og NO5, som dekkjer høvesvis mesteparten av Austlandet og mesteparten av Vestlandet. For kundar på Sørvestlandet, der straumprisane har vore høgast den siste tida, måtte også Wattn slutte å tilby fastprisavtale i juli.

I Midt- og Nord-Noreg, der prisane er lågare, er det derimot ei rekkje avtalar å velje mellom, viser Forbrukarrådets side strompris.no.

(©NPK)