Gå til sidens hovedinnhold

Ingen har meldt seg etter turhytte-brannen på Valøya: – Ta kontakt, oppmodar politiet

Ingen har meldt frå til politiet om at dei var på Valøya før turhytta brann ned til grunnen i påskeferien.

Det var natt til langfredag at politi og brannvesen måtte rykka ut til Valøya, då turhytta i det populære friluftsområdet stod i full fyr.

Hytta brann dessverre heilt ned.

Politioverbetjent Torgeir Fosse ved Kvinnherad lensmannskontor meiner det er rimeleg å tru at det har vore nokon på staden i forkant av brannen, men ingen har så langt gitt beskjed om at dei har vore der.

– Vi vil derfor oppmoda dei som har vore der, eller veit noko, om å kontakta politiet, oppmodar Fosse på det sterkaste.

– Det er gjort eit flott arbeid på staden, og det er trasig at hytta no er øydelagd. Politiet vil sjå nærmare på denne saka, seier Fosse, og held fram:

– Det treng ikkje vera noko kriminelt som ligg bak, men som sagt ber vi om at folk tar kontakt.

Politiet vil dermed ikkje spekulera i kva som kan vera årsaka til at turhytta brann ned.

Les også

Folk måtte reddast ut: Brannvesenet fekk dramatisk melding frå Ølve

Kommentarer til denne saken