Ingen nye smittetilfelle i Kvinnherad, men kommuneoverlegen ber oss likevel om å oppretthalda tiltaka

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

DEL

I ein video på Kvinnherad kommune si Facebook-side seier kommuneoverlegen at det ikkje er nye korona-smitta i Kvinnherad per onsdag 8. april. Det betyr at vi framleis berre har fem bekrefta smittetilfelle.

– Nok ein gong – takk for innsatsen, alle kvinnheringar. I Kvinnherad har vi testa mange, og vi har framleis berre fem bekrefta smitta. I går fekk vi høyra at vi no er nede i eit reproduksjonstal på 0,7. Dette er veldig bra, og det kan tyda på at vi i alle fall er i ferd med å nå målet vårt om å slå denne epidemien ned. Når dette er sagt, så er det framleis svært viktig at vi opprettheld smitteverntiltak. Dette er ikkje tida for å kvila på laurbæra, seier kommuneoverlege Glenn André Opland.

Han seier det likevel er svært viktig at vi held fram med å vera flinke med handhygiene, hostehygiene og at vi ikkje er meir enn fem saman i grupper utanom næraste familie. Vi skal òg halda oss heime viss vi har luftvegssymptom inntil eitt døgn etter at vi er friske, og halda fritidsreiser på eit minimum.

– Og så ønskjer eg at dei som no får familie og studentar heim til påske er ekstra påpasselege. Alle som kjem frå kommunar og område utanfor vår kommune, og særleg der det er høg førekomst av smitte, som i til dømes Oslo og Viken. Det alltid ein risiko for at dei kan bæra med seg smitte – sjølv om ein ikkje har symptom sjølv. Vær obs på dette!

Kommuneoverlegen nyttar òg høvet til å ønska kvinnheringane god påske:

– Ta vare på kvarandre!

Artikkeltags