I fjor var første gong på truleg 30 år at det ikkje blei arrangert vårmønstring med bilar og motorsyklar på Husnes 1. mai. Årsaka var korona-restriksjonane.

Heller ikkje i år kan Amcar-gjengen invitera skodelystne bilinteresserte til folkefest, men ... :

– Om vêret er med oss blir det cruising gjennom kommunen, informerer leiaren i Amcar Kvinnherad, Stein Bjarte Kaldestad.