Innbrot i gamleskulen

Artikkelen er over 3 år gammel

Måndag fekk politiet melding om innbrot i gamle Undarheim skule.

DEL

Innbrotet har truleg skjedd i helga, og dei ubedne gjestene har teke seg inn i bygget ved å knusa ei rute i andre høgda. Det er enno ikkje kjent om noko har forsvunne frå skulen.

– Her er vi på jakt etter tips eller observasjonar og er interesserte i om nokon har sett personar i området i helga, seier Stig Dagfinn Tveiten ved Kvinnherad lensmannskontor.

Artikkeltags