Innbrot på Sunde skule

Politiet kom raskt til Sunde skule og arresterte ein person for innbrotet.

Politiet kom raskt til Sunde skule og arresterte ein person for innbrotet.

Artikkelen er over 3 år gammel

Måndag morgon blei innbrotstjuvar tatt på fersken av tilsette medan dei prøvde å stela datautstyr frå Sunde skule.

DEL

Det blei ein ubehageleg start på skuleveka på Sunde, då ein SFO-tilsett kom på jobb til knust rute på skulen rundt klokka ti på sju måndag morgon. Vedkommande høyrde at folk var inne i bygget, og ringte straks til rektor Einar Opdal. Han var allereie i bilen og kom raskt til staden. Då møtte han ein av innbrotstjuvane, og oppheldt vedkommande til politiet kom til skulen og arresterte mannen. Opdal «briefa» og informerte dei tilsette på skulen, og elevane blei samla i gymsalen der dei fekk informasjon frå politiet om kva som hadde skjedd.

Politiet trur det var minst éin innbrotstjuv til, som kom seg unna til fots eller på sykkel, og er interessert i tips så snart som råd viss nokon har observert noko på staden i det aktuelle tidsrommet. Politiet granska åstaden utover morgonen for å sikra spor. Det var knust fleire ruter på skulebygget, og innbrotstjuvane hadde samla saman datautstyr for fleire titals tusen kroner som dei skulle stela. Det lukkast dei ikkje i.

Rektor Einar Opdal rosar politiet for arbeidet, og han og skuleleiinga får også ros for måten dei takla hendinga på.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken