Klart for nattcup i Husneshallen

Frå KRIK Husnes sin nattcup i fjor. (Arkivfoto).

Frå KRIK Husnes sin nattcup i fjor. (Arkivfoto).

Av

På laurdag inviterer KRIK Husnes for syttande år på rad til sin årlege innebandycup i Husneshallen.

DEL

Opningsshow, innebandyturnering med flotte premiar, konsert med Sowdiak og GinoBless, «Jesus-hjørne», kafé med Playstation og FIFA19 er stikkord som skal motivera ungdommar frå 8. klasse og oppover til å ta turen innom dette kristne, rusfrie arrangementet.

Husnes kyrkjekontor har arrangert innebandyturneringar i mange år. I byrjinga var cupen lagt inn som ein del av det obligatoriske konfirmant-opplegget. Seinare har det vore eit frivillig tilbod både til konfirmantar og andre ungdommar. Dei siste åra har det vore 4-500 ungdommar innom arrangementet. Fleire år har meir enn 30 lag stilt i turneringa, og det har vore god stemning både på banane, på tribunane og i nattkaféen.

Ein nattcup er så mykje meir enn berre cup! I tillegg til opningsshowet vert det og ein programdel seinare på kvelden. Her vil det altså bli konsert med sørlands-rapparane Sowdiak og GinoBless. Me gler oss til å høyra desse to karane. Dei to presenterer òg nokre av låtane sine på Husnes Storsenter tidlegare på dagen.

Det vert òg lagt stor vekt på det sosiale rundt sjølve turneringa på ein nattcup; også dette året vert det kafé med heimelaga pizza, brus og diverse snop. Her kan ein betale kontant, med kort eller med VIPPS. I kafeen er det flott å slå seg ned og ta ein prat med andre. Dersom ein ynskjer det, kan ein òg ta ein tur bortom «Jesus-hjørnet» og ta ein prat om livet og det å tru eller det å tvile. Ein annan ting som skjer i kafeen er at me rigger til ein flat-TV med Playstation4 og FIFA19 som ungdommane kan utfordre kvarandre i. Oppe i andre høgda kan ein spela det populære «snurre-fotball-spelet».

Det kostar nokre tiarar for dei som vert med i sjølve turneringa (konfirmantane i kyrkja i Kvinnherad går gratis), og ein kan bruke litt pengar i nattkafeen. Utover dette er det heilt gratis å komme og vera med på alt det som skjer i Husnehallen denne kvelden! Takka vere midlar frå eit raust lokalt næringsliv er det med stoltheit me kan tilby ungdommane dette!

I innebandy-turneringa vert det konkurrert i tre klassar; éin rein jenteklasse og to aldersbestemte klassar der det kan vera både gutelag, jentelag eller miksa lag (8.–10. klasse og 1. vg og oppover). Det vert flott premie til kvar einskild spelar på dei tre første plassane i kvar klasse. Spelarane på vinnarlaga får dessutan eit gåvekort på Peppes Pizza, slik at dei kan ut og feire sigeren der. Som om ikkje dette er nok, er alle deltakarar i turneringa med i trekkinga av eit gåvekort på 1000 kroner på treningssenteret TrimX på Husnes! Dersom vinnaren ikkje kan nytte seg av gåvekortet, betaler dei ut «cash». Det må jo vera ein god deal! Dei som vil vera med i turneringa kan melda seg på via internett (www.kriknattcup.com). Påmeldingsfrist er torsdag i denne veka.

Sjølv om nattcupen er eit 100 prosent rusfritt arrangement i kristen regi, ynskjer me ikkje at dette skal vera ei slags sovepute for foreldre og føresette. Ta gjerne turen oppom Husneshallen i løpet av kvelden. Arrangementet er ope for alle. Sørg for at din ungdom ikkje diskvalifiserer seg sjølv frå å komme inn på det rusfrie arrangementet. Me ynskjer at nattcupen, og alle aktivitetane rundt sjølve turneringa, nettopp skal vera ein stor motivasjon for ungdommane til å halda seg rusfrie denne kvelden!

Jan-Ove Fagerheim,

Kyrkjelydssekretær

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags