Gå til sidens hovedinnhold

Innfører totalforbod mot open eld

Brannsjefen innfører totalforbod mot å gjera opp open eld i Kvinnherad med umiddelbar verknad.

Forbodet gjeld inntil vidare, skriv Kvinnherad brann og redning, og årsaka er faren for gras- og lyngbrann.

Samtidig er det redusert kapasitet med tanke på eksterne ressursar som til dømes skogbrannhelikopter, på grunn av den pågåande aksjonen mot skogbrannen på Sotra.

Vedtaket er heimla etter forskrift om brannførebygging §3.

Les også

Ombygginga av Tofte skule: Administrasjonen sa nei, forvaltningsutvalet sa ja. No må saka på høyring

Kommentarer til denne saken